Ung lærar på eigen skule

Ungdomsskuleelevane får prøve seg som lærarar for yngre elevar på eigen eller nærliggande skule, med lærarar som mentorar. Dette gir eit fleksibelt opplegg som sikrar både kvalitet og tilgjengelegheit.

Ung lærar på eigen skule

Ung Lærar kan òg gjennomførast lokalt. Dette gjer opplegget tilgjengeleg for skular som ikkje har ein lærarutdanning i nærleiken, men prinsippa og opplevingane er dei same. På denne sida finn du informasjon om programmet og ressursar til bruk i gjennomføringa.

Gjennomføring:

  • Ungdomsskuleelevar får prøve seg som lærarar for yngre elevar, anten på eigen skule eller på ein nærliggande barneskule.
  • Lærarar fungerer som mentorar og legg til rette for trygge rammer og god oppfølging.
  • Elevane planlegg og gjennomfører ei undervisningsøkt, og reflekterer i etterkant over erfaringane sine.

Likskapar og skilnader:

  • Som i campus-varianten får elevane prøve ut lærarrolla, bygge relasjonar og oppleve meistring.
  • Mentorane er lærarar i staden for lærarstudentar.
  • Opplegget tilpassast lokale rammer, men har same fokus på pedagogisk kvalitet og trygge opplevingar.

Mentorane – lærarar

I denne varianten av Ung Lærar er det lærarane sjølve som fungerer som mentorar. Dei legg til rette for trygge rammer og gjev elevane støtte både i planlegginga og i gjennomføringa av undervisninga. Som mentorar hjelper dei ungdomsskuleelevane til å møte yngre elevar på ein god måte, og sikrar at alle får ei positiv oppleving.

Lærarane har inngåande erfaring frå skulekvardagen og kan gi praktiske råd om alt frå klasseleiing og relasjonsbygging til faglege og sosiale utfordringar. Dei fungerer som rollemodellar som viser korleis lærarrolla kan vere både meiningsfull og variert.

Rolla som mentor er òg utviklande for lærarane. Gjennom å rettleie ungdomsskuleelevar får dei reflektere over eigen praksis og bidra aktivt til rekruttering av framtidige kollegaer. Slik blir Ung Lærar eit gjensidig læringsfellesskap også i denne varianten, der ungdomsskuleelevar får prøve seg som lærarar, medan lærarane kan få nye perspektiv på både faget og yrket sitt.