
20 millionar kroner totalt til Stord-satsing om å utvikle praksisfeltet i lærarutdanninga
No har Vigdis Vangsnes og forskingsmiljøet ved lærarutdanninga på campus Stord fått fem nye millionar kroner, denne gongen frå Diku. Målet med prosjektet, kalla Øvingsrommet, er at studentane skal vere med og forme praksisfeltet i grunnskulelærarutdanninga, i tett samarbeid med HVL og grunnskulane.
Tidlegare denne veka vart det kjent at Vigdis Vangsnes og forskingsmiljøet ved lærarutdanninga på Stord mottok 12 millionar kroner frå Noregs Forskingsråd.
Prosjektet skal utvikle nye undervisningsmodellar slik at studentane kan øve seg på praksis gjennom heile utdanninga. Dette heng godt i lag med det nye prosjektet som fekk midlar frå Diku i dag, 17. desember.
– Dette prosjektet er meir utviklingsorientert i den grad at studentane sjølve skal vere med å utvikle praksisen i utdanninga. Dei nye læringslabane på campusane våre legg til rette for å utvikle nye, digitale modellar for undervisning. Til dømes kan studentane trene gjennom å videofilma eiga undervisning og deretter få tilbakemelding frå medstudentar eller elevar i grunnskulen, fortel førsteamanuensis Vigdis Vangsnes.
Studentane skal forme utdanninga
Det har lenge vore eit mål i lærarutdanninga, både nasjonalt og internasjonalt, å arbeide for tettare kopling mellom praksisfelt og campus, og mellom teori og praksis. HVL-forskaren fortel at studentane meiner at lærarutdanninga er for teoritung og at det er for få koblingar mellom det som skjer på campusen og det som skjer ute i praksisfeltet i skulane.
– Studentane seier ofte at lærarutdanninga er for lite praksisnær. No skal dei altså vere svært viktige partnarar i prosjekta for å vere med å forme både utdanninga og framtidas skule.
– Kva konkret skal alle desse pengane gå til?
– Det er i første omgang snakk om frikjøp av tilsette, både internt ved HVL og eksternt i skulane. Berre slik kan vi få til gode, langvarige arenaar for samarbeid som gjer det mogleg å trekke studentane inn i prosjekta, seier professor Knut Steinar Engelsen, som har vore sentral i prosjektutviklinga.
Får totalt 20 millionar
Forskarane ved campusen på Stord har no fått totalt 20 millionar kroner til å utvikle praksisfeltet i lærarutdanninga, i lag med studentar og grunnskulen. Målet er at dei nye undervisningsmodellane skal takast i bruk også ved campus Bergen og campus Sogndal, som også tilbyr grunnskulelærarutdanning.
– I tillegg til dei 17 millionane frå Noregs Forskingsråd og Diku, har vi fått tre millionar frå Høgskulen på Vestlandet til ei stipendiatstilling, fortel Vangsnes.
Målsettinga er at lærarutdanninga totalt sett blir styrka av desse prosjekta, slik at det kan gjere utdanninga meir attraktiv.
– Kan vi bidra til å auke rekrutteringsgrunnlaget, så har vi også styrka regionen. Alle ønsker jo at vi skal få fleire lærarstudentar, ettersom det er spådd stor mangel på lærarar i framtida, seier Engelsen.
Sjølv om prosjekta altså har utspring frå Stord, så skal resultata bli integrert i heile lærarutdanninga. Det er også fleire internasjonale forskarar som skal delta.
– I tillegg til to universitet i Storbritannia skal vi ha med oss eit internasjonalt panel som består av nokre av verdas beste forskarar på feltet, så det er vi veldig stolte av, seier Vangsnes.
Dei andre prosjekta som fekk midlar frå Diku kan du lese om her.
Dei andre prosjekta som fekk midlar frå NFR kan du lese om her.
Deltakarar i gruppa frå HVL:
- Vigdis Vangsnes
- Sissel Høisæter
- Hein Berdinesen
- Knut Steinar Engelsen
- Michelle Alexandre Cabot
- Gry Anette Tuset