– Campus Stord og HVL er svært viktige for regionen

Det sa statsråd Ola Borten Moe då han gjesta HVL og Rommetveit torsdag 8. juni.

I framkant av formiddagsbesøket på Rommetveit hadde statsråden vore innom katapultsenteret på Heiane på Stord og han hadde hatt opningsføredraget på Stordkonferansen.

Industrien sin trong for kompetanse, nyskaping- og innovasjonsaktivitetar var eitt tema statsråden raskt plukket opp med dekan Jens Kristian Fosse ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap i HVL.

– Det var spennande å høyre om korleis de tenkjer rundt samarbeidet mellom ingeniørfaga og industrien i Sunnhordland og den utviklinga som skjer. Det er mange som har forventningar til høgskulen og det er mange som peikar på at denne viktige regionen treng ein sterk høgskule, uttalte statsråden. 

Møtte studentane på Stord

Undervegs på rusleturen rundt om på Rommetveit kom lærarutdanning også på agendaen. Dekan Asle Holthe ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett i HVL orienterte om status.

– Eg vart godt oppdatert på arbeidet med lærarutdanning og rekrutteringsutfordringane som heile landet står i. Det er mitt inntrykk at Rommetveit og HVL er svært viktige for regionen og at de arbeider godt med ulike problemstillingar og ser moglegheiter i tida som kjem.

– Så var det kjekt å få prate med studentar og høyre kva dei tenker om å studere på Stord.

Campusutvikling og samhandling med arbeidslivet

Statsråden let seg sjarmere av Rommetveit, av andre gjerne omtalt som ein av dei vakraste campusane i landet.

– Dette må kanskje vera den vakraste. Veldig kjekt å sjå den i eit fantastisk flott sommarvêr. Det å kunne vandra rundt og få treffa leiing og studentar, og bli godt oppdatert, var veldig bra. Ein flott og givande dag.

Rektor Gunnar Yttri var i spissen for statsrådsbesøket på HVL sin eldste campus.

– Det blei eit viktig og godt møte med statsråden og hans følge. Campusutvikling, samhandling med arbeidslivet, og finansiering knytt til fleircampusinstitusjonar var nokre tema me fekk tatt opp og gitt våre innspel rundt.

Lærarutdanning er eit heitt tema for tida. Statsråd Ola Borten Moe lyttar til rektor Gunnar Yttri og dekan Asle Holthe ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.


Statsråden var oppteken av samarbeidet mellom høgskule og industri og næringsliv i Sunnhordland og på Haugalandet. Arbeidslivsrelevans, innovasjon, nyskaping og morgondagens kompetansebehov var stikkord som gjekk igjen.


Prorektor Geir Kåre Resaland og dekan Asle Holthe fekk ein god prat med politisk rådgjevar Signe Bjotveit.


I dag vart møterom og powerpoint bytta ut med rusletur på Rommetveit. Frå venstre Geir Kåre Resaland (prorektor HVL), Asle Holthe (dekan HVL), Signe Bjotveit (politisk rådgjevar Kunnskapsdepartementet), Jens Kristian Fosse (dekan HVL), Gunnar Yttri (rektor HVL), Jelle S. Bruin (leiar Studenttinget på Vestlandet), Khiem Nguyen (Studenttinget på Vestlandet), Ola Borten Moe (forskings- og høgare utdanningsminister), Ingvild Brekke Myhre (samfunnskontakt HVL), Nancy Aasheim (varaordførar Stord kommune) og Gro Rydland (Fitjar Sp).