Ein sterkare arbeidsstyrke i barnehagen

Korleis kan vi skape barnehagar der både barn og vaksne har det godt, sjølv når kvardagen er travel, bemanninga er pressa og krava er høge?

Høgt sjukefråvær gjer det vanskeleg å skape stabile og gode barnehagar. No skal forskarar ved Høgskulen på Vestlandet, saman med dei som jobbar i barnehage og andre relevante partar, finne løysingar som både styrkjer helsa til dei tilsette og kvaliteten for barna.  

Dei ser særleg på kva rolle fysisk aktivitet og arbeidsmiljø spelar. Målet er praktiske, heilskaplege tiltak som verkeleg fungerer i barnehagekvardagen. 

Eivind Aadland er professor ved Høgskulen på Vestlandet og leiar forskingsprosjektet. Prosjektet er finansiert av høgskulen som eitt av miljøa for framifrå forsking.

Professor Eivind Aadland skal leie prosjektet saman med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnararar. (Foto: Mauricio/HVL)

Tid og merksemd til barna  

– Målet er å forstå korleis barnehagar og utdanningssystem kan fungere godt, sjølv når rammene er utfordrande, seier Aadland.  

Dei første leveåra legg grunnlaget for resten av livet. Barnehagen er ein viktig stad for både omsorg, leik og læring. Likevel veit vi at kvaliteten i barnehagar ikkje alltid er så god som den kunne ha vore. 

Mange som jobbar i barnehage opplev høgt sjukefråvær, tidspress, bemanningsutfordringar og redusert helse og trivsel. Når dei vaksne er slitne går det ut over tida og merksemda dei kan gi barna. Det påverkar både relasjonar, leik og læring.  

Breiare kunnskap om korleis tilsette sin helse og trivsel heng saman med pedagogisk praksis, og dermed samspelet med barn er viktig for å gjennomføre godt utviklingsarbeid i barnehagen.  

Eit breiare blikk på barnehagekvardagen 

I staden for å sjå på enkeltpersonar eller enkelttiltak, ser Thriwe på barnehagen som eit heilt system. Prosjektet koplar saman kunnskap frå fleire felt: forsking på korleis leik, bevegelse og utforsking fremmar barn si utvikling, korleis ein utviklar tiltak saman med dei som faktisk står i kvardagen, korleis leiing kan støtte både folk og struktur på ein helsefremjande måte og arbeidslivsforsking.  

Arbeidet byggjer vidare på to store tidlegare prosjekt ved Høgskulen på Vestlandet: ACTNOW (2019–2022) og MoveEarly (2024–2026). 

Desse prosjekta har sett på kompetanseutvikling hos tilsette og pedagogiske praksisar som støttar barns bevegelse, leik og utforsking. Thriwe tek dette vidare og legg til ein ny dimensjon: helse, trivsel og berekraft for arbeidsstyrken. 

Det er mykje forsking på barnehagen, men kva er det forskinga manglar i dag? 

– Mykje av det vi veit om tilsette sin trivsel i barnehagen, kjem frå små studiar der ein ser på delar av bildet. Vi manglar ein større heilheit. Det finst også få studiar som har undersøkt kva som påverkar trivsel i arbeidsstyrken og samtidig kvaliteten i barnehagen.   

Aadland meiner at vi må konsentrere oss om det vi kan gjere noko med, innanfor nokre grensar.  

–  Gjennom prosjektet ønskjer vi å utvikle meir solid og omfattande forsking på trivsel og helse hos barnehagetilsette. Målet er å auka kunnskapen om systemet og utvikle tiltak for å undersøke kva vi kan gjere noko med, seier Aadland.   

For å lukkast med tiltak som skal vare, må dei som kjenner kvardagen vere med og utforme dei. Barnehagetilsette, leiarar og andre samarbeidspartnarar skal bli involvert for å definere behova, justere tiltaka og tilpasse dei til sin eigen barnehage. 

Eit sterkt partnarskap for betre barnehagekvalitet 

Thriwe er eit samarbeid på tvers av fag og institusjonar. Saman skal forskarar frå forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og Barnkunne - Senter for barnehageforskning finne løysingar.  

Eit breitt fagmiljø med kompetanse innan barnehagepedagogikk, fysisk aktivitet, folkehelse, organisasjon og leiing, samt arbeidshelse og arbeidslivsforsking er involvert, både nasjonalt og internasjonalt.  

Prosjektet skjer i tett samarbeid med Bergen kommune og Kanvas-barnehagane, og er finansiert av Høgskulen på Vestlandet. 

Fakta om Thriwe

Moving Towards a Thriving Early Childhood Workforce (Thriwe) på norsk «Bevegelse mot ein sterkare arbeidsstyrke i barnehagen» er eit forskingsprosjekt som vil finne ut korleis vi kan ta vare på dei som jobbar i barnehagen, samstundes som vi styrkjer kvaliteten på tilbodet til barna. 

Prosjektet vil arrangere verkstader der tilsette, leiarar og forskarar saman utforskar.  

  • Kva fremjar eller hemmar helse og trivsel i barnehagekvardagen?
  • Kva treng vi meir eller mindre av? 
  • Korleis kan vi organisere kvardagen annleis, utan at det blir urealistisk? 

Forskingsmetode 

Mellom 2026 og 2029 gjennomfører prosjektet ein samskapings- og gjennomførbarheitsstudie. Det betyr at forskarane ikkje berre kjem inn med ferdige løysingar, dei utviklar dei saman med barnehagane. 

Vidareføring 

Viss studien viser gode resultat, og prosjektet får meir finansiering, er målet å gjennomføre ein stor eksperimentell studie for å teste effekten av tiltaka, og på sikt kunne spreie det som fungerer til heile barnehagesektoren.