Føtter med joggesko i gras.

Fysisk aktivitet og folkehelse

Forskinga vår er retta mot fysisk aktivitet i helsefremjing, førebygging og behandling gjennom heile livet.

Me arbeider med eit bredt spekter av tema og forskingsprosjekt, med hovudvekt på å forstå og fremme fysisk aktivitet blant barn og unge. Forskinga vår fokuserer på

  • Fysisk aktivitet hjå barn: Me undersøker fysisk aktivitetsnivå og korleis fysisk aktivitet påverkar barn si helse, utvikling, læring og trivsel. Undersøking av samanhengar mellom fysisk aktivitet, fysisk form, motorikk, kognisjon, sjølvregulering er sentrale fokusområde
  • Intervensjonsforsking i barnehage: Me gjennomfører store studiar av tiltak for å fremme fysisk aktivitet blant barn og tilsette i barnehage. Evaluering inkluderer effektevaluering knytt til barn og tilsette si helse, utvikling og trivsel, samt prosessevaluering for å forstå kva som fungerer, for kven, og under kva omstende.
  • Utvikling og kvalitetsvurdering av måleinstrument: Me arbeider med å utvikle og vurdere måleeigenskapar for måleinstrument for måling av fysisk aktivitet, fysisk form, motorikk, sosial-emosjonell fungering og trivsel.
  • Utvikling av observasjons- og kartleggingsverktøy for barnehagen: Me utviklar verktøy som kan nyttast for å kartlegge fysisk aktivitet i barnehagen til bruk i forsking og pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Utvikling av analysemetodar for fysisk aktivitetsdata: Me arbeider med å utvikle multivariat mønsteranalyse for bruk med akselerometerdata på best mogleg måte. Dette inkluderer praktisk bruk, tolking av resultat og utvikling av programvare.
  • Helseeffekten av sykling: Me undersøker korleis sykling, både med tradisjonelle syklar og el-syklar, påverkar fysisk helse og livskvalitet.
  • Doping i idrett: Me studerer korleis astmamedisin kan påverke fysisk prestasjonsevne og korleis bruk av desse medisinane kan avdekkast. Me studerer også haldningar til doping, med sikte på å førebygge dopingbruk og fremme rein idrett.
  • Deltaking i idrett og tverrsektorielt samarbeid: Me undersøker korleis barn og unge som i mindre grad deltek i idrettsaktivitet kan støttast gjennom Aktivitetsguidar på tvers.
  • Myndiggjering og inkludering gjennom fotball: Me undersøker korleis utvikling og gjennomføring av eit fotballprogram for jenter med låg sosioøkonomisk status i Brasil påverkar barn og unge si myndiggjering, inkludering, helse og yteevne og gjennomfører komparative undersøkingar i norsk kontekst.

Pågåande forskingsprosjekt

Forskargruppeleiar

bilde av Eivind Aadland

Eivind Aadland

Professor