Får EØS-støtte til å forske på krympande brear og systema i fabrikkar
To forskarar ved HVL har fått støtte til nye internasjonale samarbeidsprosjekt frå forskings- og innovasjonsprogram under EØS-midlane. Slik blir dei kopla til avgjerande kompetanse hos europeiske partnarar innan matematisk modellering og klimaforsking.
Ein fabrikk der produksjonen går på skinner, utan uønskt opphald, er på ein måte det Reza Arghandeh, professor ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag, jobbar mot. Innovasjonsprosjektet hans tar sikte på å utvikle ein matematisk modell som kan gi automatisert overvaking av heilskapen til systema i ein fabrikk. Overvakinga skal seie frå når noko ser ut til å skulle gå gale i produksjonen, før det skjer. Med EØS-midlane, får Arghandeh sjansen til å prøve å skape modellen, som kan få store konsekvensar for produksjonsflyten i mange ulike fabrikkar.
Jacob Yde, professor ved Institutt for miljø- og naturvitskap, jobbar på si side med å finne ut kva effekt smeltande isbrear har på klimaet og miljøet. I prosjektet han har sett i gang med, med midlane frå EØS, forskar han på kva som skjer med økosystemet i fjordar når isbrear blir mindre og ikkje lenger ligg i vatnet når dei smeltar. Mister vi ein viktig hjelpar i å binde opp klimagassar når breen heller smeltar på land?
Sterkare samarbeid og utjamning mellom land i Europa
Føremålet med EØS-midlane er å jamne ut sosiale forskjellar og stimulere til tettare samarbeid, mellom anna mellom Noreg og utvalde land i EU. Generelt sett gjeld det land som er svakare enn gjennomsnittet økonomisk i EU, og som har behov for å styrke kapasitet og deltaking i internasjonale prosjekt innan utdanning, forsking og innovasjon.
– Gjennom EØS-midlane får HVL og andre norske aktørar høve til å styrke forskings- og innovasjonssamarbeid med aktørar i mottakarlanda på prioriterte fagområde. Slikt samarbeid kan igjen gi grobotn for nye prosjekt i andre program, til dømes Horisont Europa, fortel Terje Gravdal, som jobbar som seniorrådgivar med eksternfinansiering ved HVL.
Inneverande programperiode for EØS-midlane varer i første omgang ut april 2024. For tida går det føre seg forhandlingar om ein ny finansieringsperiode for desse midlane.
– I praksis er det Noreg, Island og Liechtenstein som er donorland og som finansierer EØS-midlane i dei aktuelle EU-landa. Delar av forhandlingane er å bli einige med kvart land kva overordna område dei skal prioritere. Så opprettar dei program for kvart område, som ein kan søke midlar frå. Litauen har mellom anna eit program for grøn næringsutvikling i samarbeid med norske aktørar som prioritert område, fortel Gravdal.
Reza Arghandeh sin partnar i innovasjonsprosjektet er verksemda Energy Advice i Litauen. Dei utviklar ulike såkalla «Internet of things (IOT)»-løysingar for industriaktørar. EØS-midlane finansierer i praksis ei ph.d.-stilling i prosjektet, som hovudsakleg skal samarbeide med Energy Advice om å validere algoritmar.
I Jacob Yde sitt forskingsprosjekt er det Polen sitt Polish Academy of Sciences som er prosjektleiar. Dei skal bidra med fagkunnskap om dei biokjemiske prosessane som skjer i fjorden, oseanografi. Det skal supplere kompetansen til Yde og miljøet hans på kva som skjer i breane. EØS-midlane finansierer ein postdok og delar av ei teknikar-stilling i hans prosjekt.
Gunstig ordning og viktig eksternfinansiering
I desse EØS-finansierte prosjekta er det ikkje krav til at HVL må bidra med eigenkapital.
– Det gjer det til ei veldig god og spennande ordning for forskingsmiljøa ved HVL , som eg oppfordrar fleire til å vurdere å søke på, seier Gro Anita Fonnes Flaten, prorektor for forsking ved HVL.
Det er eit uttalt mål frå nasjonalt hald å auke andelen frå EØS-midla som går til norske partnarar, og det teller godt med på eksternfinansieringa til HVL.
– EØS-midlane er kanskje ikkje like synlege som Horisont Europa i forskings- og innovasjonssamanheng. Men EØS-midlane utgjer ei moglegheit i seg sjølv, som kan finansiere store prosjekt og bidra til å skape langsiktig internasjonalt samarbeid mellom HVL sine fagmiljø og samarbeidspartnarar i mottakarlanda, fortel Fonnes Flaten.
Ein automatisert «Cyber doctor» for fabrikkar
Professor Arghandeh starta med sitt innovasjonsprosjekt 1. januar. Han leiar mellom anna også eit anna stort innovasjonsprosjekt innan energi. Men her er altså målet å prøve å lage ein omfattande modell som set saman mengder av data frå ulike prosessar og system, til dømes elektriske, kjemiske, mekaniske, menneskelege prosessar, og så vidare. Modellen skal kunne fungere som ein automatisert «lege», ein «cyber doctor», som skal kunne finne ut kva som er feil med ulike komplekse system i fabrikkane:
– Ein lege måler til dømes blodtrykk, hjarterytme, refleksar og så vidare, for å avdekke mogleg framtidig sjukdom hos oss menneske. På liknande måte ønsker vi å lage noko som kan varsle om moglege avvik i produksjonen på ein fabrikk, forklarer Arghandeh.
– Viss vi fortset med samanlikninga med legen og menneskekroppen, så kan du sjå på det som at vi ønsker å finne ein modell som svarar til hjernen, sjølve sentralen for alle prosessane i kroppen, forklarer professoren.
I innovasjonsprosjektet skal forskargruppa til Arghandeh bruke ei ny retning innan databehandling som blir kalla «causal inference», til å finne årsak og verknad i heilskapen av systema som finst i ein fabrikk. Med EØS-midlane ønsker dei i fyrste omgang å utvikle ein «Proof of concept».
Prosjektet har fått namnet Development of innovative complex predictive maintenance system EA-Predictive. Energy Advice koordinerer prosjektet.
Reza Arghandeh skal utvikle system til fabrikkar ved hjelp av EØS-midlar og samarbeid med polske Energy Advice.
Klimaeffekten av mindre isbrear
Jacob Yde sitt prosjekt starta også opp samtidig med 2022. Undersøkingane i prosjektet skal skje på Svalbard. Dei skal altså sjå på næringsstoff frå smeltande brear, og målet er å komme med nokre hypotesar om klimaeffekten for framtida.
– Når breane smeltar i fjorden, som dei har gjort på Svalbard til no, så kjem det mange næringsstoff opp i møtet med det kalde smeltevatnet frå breen. Da dannar det seg algar som samlar opp CO2 frå atmosfæren. Når algane døyr, så fyk dei ned til botnen med ein del av den oppsamla CO2en, forklarer Yde.
– Men når breen no krympar med varmare klima, kjem fronten av breane til å ligge på land, og miljøet i fjordane endrar seg, fortsett Yde.
Kva gjer det med økosystemet og til dømes opptaket av klimagassar frå algane? Det er noko av det Yde og kollegaane hans vonar å finne ut.
– Vi skal undersøke både breane som framleis ligg ute i vatnet på Svalbard, og dei breane som ligg inne på land. Vi skal sjå på kva som skjer med økosystemet i fjorden når det ikkje lenger blir danna næringsstoff frå bre-smeltevatn, som tar opp i seg CO2. I praksis skal vi segle rundt i fjordane på Svalbard og samle inn vass- og sedimentprøvar, forklarer han.
I motsetnad til i eit anna stort forskingsprosjekt om Jostedalsbreen som Yde er leiar for, der dei forskar på forandringar i breen, skal dei her forske på kva innverknad breane har på fjordane. Og det er her prosjektleiaren Polish Academy of Science kjem inn.
– Dei er oseanografar med meir kompetanse på fjorden. Vi har ønskt å forstå denne heilskapen mellom breane og fjordane i mange år, så vi kan skjønne heile systemet. Difor blir dette prosjektet veldig spennande, fortel Yde.
Prosjektet heiter RAW – Retreat and Wither – What is the influence of glaciers’ recession from tidewater to land-based on the marine biological production and biogeochemistry in the Arctic. Polish Academy of Science er koordinator.
Jacob Yde skal segle rundt i fjordane på Svalbard og gjere undersøkingar av smeltande brear.