Skal konkurrera om å bli Vestlandet sin beste forskingsformidlar

Inga Margrethe Fagerbakke forskar på samtalar om naturen i barnehage. No skal ho konkurrera om å bli Vestlandet sin beste forskingsformidlar.

– Er det jentekrabbe eller gutekrabbe?
– Kva et krabbar?
– Kvifor er dei brune?

Spørsmåla om naturen frå born er mange og store. Men ofte kan svara frå vaksne vera få og korte.

Kvifor er det slik?
Og korleis kan samtalen om naturen mellom born og vaksne bli meir utforskande og vare lenger?

Dette forskar Inga Margrethe Fagerbakke på i forskingsprosjektet SciTalk. Ho er doktorgradsstipendiat ved Høgskulen på Vestlandet og jobbar med å utvikla ein metode for korleis kvardagssamtalen om naturen mellom born og barnehagetilsette kan bli betre og meir utforskande.

- Tidlegare forsking har vist at det er lite samtale mellom pedagogar og born om naturen. Og dei samtalene som er, er gjerne korte. Vi treng meir utforskande samtalar, fordi denne typen samtalar er sentralt for språkutviklinga og læringa til born. Dei kan og ivareta barns ibuande nysgjerrigheit og bidra til at dei utviklar respekt for naturen, seier Fagerbakke.

– Korleis byrja du å forska på dette temaet?
– Ein morgon sa sonen min på fire år «Sola varmar oss, men stjernene kaldar oss». Eg visste ikkje heilt kva er skulle svara og då byrja eg å tenkje over korleis ein møter slike utsegn på ein god måte. Eg ynskte å lære meir om det, og då eg såg utlysinga til denne doktorgraden tenkte eg at det var midt i blinken for meg, fortel Fagerbakke, som på det tidspunktet underviste på barnehage- og grunnskole i lærarutdanninga.

Konkurrerer i Forskar Grand Prix

No skal Fagerbakke representera Høgskulen på Vestlandet i konkurransen Forskar Grand Prix. Der skal ho konkurrera med ni andre om å bli Vestlandet sin beste forskingsformidlar.

Kandidatane har fire minutt kvar til å engasjera publikum og dommarar. Tre går vidare til finalerunda. Her får dei fire nye minutt til å visa at dei er den beste formidlaren.

– Er du nervøs?
– Eg er ikkje nervøs, men litt spent. Førre veke byrja eg å kjenne at stressnivået auka, men eg tenkjer ein må ha litt tenning i ein slik konkurranse. Det er jo nesten litt Idol- aktig, smilar ho.

I førebuinga til arrangementet har kandidatane fått profesjonell hjelp både med presentasjon, sceneopptreden og stemmebruk.

– Vi hadde to samlingar i juni og no skal vi ha samlingar kvar veke fram til konkurransen. Eg har lært mykje om formidling og fått mykje nyttig kommunikasjonstrening, seier ho.

Undre seg saman med borna

– Kva er grunnen til at samtalane om naturen ofte er korte i barnehagar?
- Det er nok fleire grunnar til det. Ein grunn er at vaksne føler seg usikre. Dei veit ikkje kva dei skal svara, og då stoppar samtalen fort opp. Litt grunnleggjande kunnskap om naturen er lurt, men det viktigaste er å undre seg saman med borna. Å undersøkje den krabben som borna lurar på, og leve seg inn i situasjonen og være kroppsleg og sanseleg engasjert. Det er då me ser at samtalene varer, fortel ho.

Bilete: Å leve seg inn i situasjonen og være kroppsleg og sanseleg engasjert. Det er då me ser at samtalene varer, seier Inga Margrethe Fagerbakke.

– Så handlar det nok også om at det kan være kaotisk og mange spørsmål å forhalda seg til på ein gong når ein har ansvar for fleire born. Det er viktig at dei tilsette ikkje føler seg mislykka eller få ei avmaktskjensle dersom dei ikkje lykkast med den gode samtalen, for det er ikkje alltid mogleg. Det snakkar me også mykje med studentane om. Ein må heller gleda seg over dei gongane ein klarer det, seier ho.

Ikkje ei vinnaroppskrift

Det er mange måtar å snakke med born om naturen på. I den seinare tida har det breia om seg med ulike hypoteseutfordringar og naturfagseksperiment i barnehagar. Kva gjenstandar er det som flyt og kva synk?

I materiale til Fagerbakke stod det om eit eksperiment der ei gulrot blei sluppen ned i vatnet.

– Kva trur de skjer med gulrota?
– Den blir våt, svara borna!

– Det er jo eit kjempebra svar, ler Fagerbakke, men det er kanskje ikkje det svaret ein hadde sett for seg. Då er utfordringa å snakke vidare om det borna er opptekne av. I mitt materiale ser eg at det ofte ikkje blir tilfelle, og at slike hypotese-utfordingar ikkje nødvendigvis er ei vinnaroppskrift for å få til undersøkjande samtalar om naturfag. Det kan bli for abstrakt for borna. Dette såg og deltakarane i studien då dei såg på videoar av seg sjølv og samtalane, seier ho.

– Eg slår eit slag for nærmiljøet. Samtalane blir ofte betre ved å undersøkje og observere det ein finn i naturen, legg ho til.

Vidareutdanning i utforskande samtale til neste år

Målet er at forskingsprosjektet som Fagerbakke deltek i skal resultera i ei vidareutdanning om ulike tilnærmingar til den utforskande samtalen, som etter planen skal tilbys ved Høgskulen på Vestlandet til neste år. Den vil vera aktuelt både for barnehagepedagogar og lærarar i småskulen.

- Det har mangla ei tilnærming til korleis ein skal snakke med born om naturen i lærarutdanningane. Å få til ein god utforskande samtalen krev øving og bevisstheit. Me håpar at denne utdanninga skal gjera pedagogar trygge i kvardagssamtalen om naturen med borna, seier Fagerbakke. 

Forskningsdagene 2022