Forskar på effektar av badstove og kalde bad
Det er 4 gradar i vatnet og 90 gradar i badstova.
Kva akutte effektar temperaturendringa har på hjarte- og karhelsa skal forskarar ved Høgskulen på Vestlandet finne svar på.
– Vår studie er den første som ser på den kombinerte effekten i ein realistisk setting.
Det seier Ann-Katrin Grotle. Ho er treningsfysiolog og førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.
Då Grotle flytta tilbake til Noreg frå USA, vart ho fascinert av den aukande trenden. Dette ga inspirasjon til forskingsprosjektet ho no leiar.
– Vi veit at varmeterapi som badstove kan redusere blodtrykk og betre blodsirkulasjon, men vi veit ikkje kva effekten er saman med kalde bad, seier Grotle.
Det håpar ho og professor Hege Randi Eriksen å finne ut. I HVL sin mobile testlab gjer dei både fysiologisk og psykologisk målingar.
Medan Grotle studerer korleis hjarterytme, blodtrykk og stressrespons blir påverka, undersøker Eriksen korleis forventa meistring, stress og smerte hos deltakarane spelar inn.
– Kuldeterapi har fått meir merksemd innan psykologi og mange rapporterer positive effektar på mental helse. Vi ønsker difor å sjå om psykiske forventingar kan påverka dei fysiske effektane, seier forskarane.
Etterpå samaliknar dei effektar med intervalltrening.
– Høgintensiv intervalltrening kan ha akutte, positive effektar på hjarte- og karhelsa. Det hadde difor vore spennande å sjå om det finst nokre fellestrekk med badstove og kalde bad, seier Grotle.
I mars starta den første testinga på Nordnes Sjøbad. Då dei skulle rekruttere frivillige deltakarar var det ikkje mangel på respons.
– Vanlegvis er det utfordrande å rekruttere testpersonar, men denne gongen stod dei nesten i kø. Så mange som 300 personar meldte si interesse!
Sjølv om engasjementet var stort frå aktive vinterbadarar, var forskarane på jakt etter personar som ikkje hadde noko erfaring frå før.
Martin Skagseth (41) frå NORCE meldte seg i forskinga sitt namn.
Med elektrodar festa frå topp til tå, har han gjennomført eit minutt i det kalde vatnet. No ventar ti minutt i badstova før han må ut i ein siste gong.
Grotle fortel at dei brukar tre testdagar til kvar deltakar. Først gjer dei grundige bakgrunnsmålingar. Deretter er ein dag dedikert til intervall på spinningsykkel ein til sjøbad og badstove.
Enormt mykje tid går til testing. Utan samarbeid med studentar og personell frå Nordnes Sjøbad hadde ikkje prosjektet kunne gjennomførast, understrekar Grotle.
I badstova og sjøen er det Viljar Sjuve og Simen Nordheim som har ansvaret. Dei studerer folkehelsearbeid på HVL og baserer bacheloroppgåva si på data dei samlar inn.
– Vår hovudoppgåve er å måle temperatur, hjartefrekvens og opplevd smerte og ubehag. Det er lange dagar med testing, men det er ein utruleg lærerik prosess som gir mykje meistringsfølelse, seier Viljar Sjuve (t.h.)
Til våren får forskarane ein ny ressurs med på laget. Michael Vesterlid tar master i idrettsvitskap og skal vere med å leie prosjektet inn i sin avsluttande fase.
Fordi det står att meir datainnsamling og analyse er det for tidleg å seie noko handfast om resultata. Likevel kan forskarane røpe ein foreløpig tendens.
– Nokre av funna til no viser at kombinasjonen av badstove og kaldt vatn kan ha positiv effekt på blodtrykkregulering i kvile, seier Grotle som saman med Eriksen er spent på dei endelege tala.
Tekst: Siri Helena Halvorsen
Foto: Mauricio Esteban Pavez Ramirez, Ingvild Constance Festervoll Melien