Prestisjetildeling til ungt forskartalent

Tomas Larsen Høisæter ved lærarutdanninga på campus Stord får tildelt 7,9 millionar kroner frå Forskningsrådet til eit banebrytande prosjekt.

– Dette var veldig kjekt og eg gler meg til å gå i gong, seier han.

Høisæter arbeider ved lærarutdanning på Høgskulen på Vestlandet. Han er utdanna historikar med doktorgrad frå Universitetet i Bergen i 2020. Med utgangspunkt i innsikter frå doktorgradsprosjektet får han no midlar til å utvikla den akademiske karrieren sin vidare.

Tema for arbeidet hans er Silkevegen som mange av oss kjenner frå vår eigen skulekvardag.

Vender blikket frå imperium til lokale tilhøve

Høisæter seier at Silkevegen tradisjonelt er blitt skildra som eit nettverk av ruter som knyt saman mange stader, byar og kongerike frå antikken til tidleg moderne tid.

–  Tradisjonelt har denne historisk viktige vegen blitt lest inn i eit narrativ om imperium. Der har stormakter som Han-riket i Kina og Romarriket i vest vore viktig i forståing og formidling.

– I vårt prosjekt ønskjer vi å snu dette og sjå meir på dei lokale tilhøva og dei mindre stadane, og korleis desse verkar inn på det globale. Målet mitt er også at prosjektet vil betre forståinga for samanhengen mellom det globale og det lokale knytt til verda slik ho er i dag, seier han. 

Forskingsopphald i Japan og Wales

Høisæter skal i arbeidet sitt gjennomføre forskingsopphald i Japan og Wales.

– I tillegg til meg vert det med to eigne doktorgradsstipendiatar. Ein kollega ved Universitetet i Bergen, professor Eivind Heldaas Seland, blir kopla på som mentor.

Prosjektet har også støtte frå to akademiske rådgjevarar, dr. Matthew Cobb frå Universitetet i Wales og professor Minoru Inaba frå Universitetet i Kyoto. Dette sterke laget trur eg er nøkkelen til at prosjektet skal bli vellykka.

Høisæter fortel at prosjektet hans høyrer til i kategorien grunnforsking.

Skal ta innsiktene ut i skuleverket

– Eg tenkjer at vår type høgskule og vårt nye universitet med ein sterk profesjons- og arbeidslivretta profil og har god plass til grunnforsking. Her er det inga motsetning slik eg ser det. I vårt prosjekt skal vi nettopp kopla dei nye innsiktene våre til lærarutdanninga og våre studentar, og vi skal ta dette ut til skuleverket.

Han fortel at søknaden som no har fått tildeling har vore arbeidd med over lenger tid.

– Eg har søkt andre finansieringskjelder på vegen og omarbeidd søknaden min fleire gongar. Den gode støtta frå forskingsavdelinga i høgskulen har vore avgjerande.

Sjå pressemelding frå Forskingsrådet

Tidlegare tildelingar