
Gode erfaringar med digital observasjonspraksis
I haust fekk studentar i den nye samlingsbaserte grunnskulelærarutdanninga for 1. – 7. trinn prøve ut digital observasjonspraksis som eit supplement til praksis i klasserommet.
Hausten 2022 starta studiet samlingsbasert grunnskulelærarutdanning 1-7 opp. I det første semesteret av utdanninga har studentane eit arbeidskrav knytt til observasjon i pedagogikk og elevkunnskapsfaget.
– Tradisjonelt har dette gått føre seg ved at studentane reiser til sine respektive praksisplassar og gjennomfører observasjonen i før ordinær praksisperiode. For å teste ut nye former for observasjon, ønskte vi å gjere denne læringsaktiviteten digital gjennom direkte strøyming av undervisning over Zoom, fortel Eivind Rogne, som saman med Jan Erik Ølmheim har stått for den tekniske gjennomføringa.
I den digitale observasjonsøkta fekk studentane følgje undervisninga til kontaktlærar Peder Bugge og det pedagogiske teamet hans i ei klasse ved Trudvang skule.
Blomst - Fleire fag i same undervisningsøkt
Undervisninga tok i bruk arbeidsmetoden “Blomst”, ein variant av arbeidsprogram der elevane arbeidde med fleire fag i same undervisningsøkt.
Etter den to timar lange observasjonsøkta, var det sett av ein halv time til å stille spørsmål til kontaktlæraren og teamet. I forkant av strøyminga hadde både studentar og elevar førebudd seg på undervisningsopplegget.
Som førebuing av studentane hadde kontaktlæraren også ei innføringsøkt slik at dei lettare skulle forstå den pedagogiske konteksten. Han gjekk gjennom teoretisk perspektiv, pedagogisk modell og undervisningsprinsipp det pedagogiske teamet arbeida etter. Studentane hadde også gått gjennom teori om observasjon som metode.
Samarbeid og samtykke
For å kunne gjennomføre eit slikt innovativt opplegg, krev det ein samarbeidsavtale mellom skulen, kontaktlæraren og teamet rundt klassen, samt samtykke frå alle føresette.
– Ein anna viktig føresetnad er det tekniske utstyret ein treng til gjennomføring av eit slikt prosjekt. Sidan undervisninga gjekk føre seg på ulike stasjonar, vart klasserommet rigga med fire kamera. På den måten kunne studentane bytte mellom ulike kamera i Zoom, fortel Rogne.
Viktig innblikk i ulike sider ved lærarrolla
Marit Kulild er prosjektleiar og faglærar i pedagogikk og elevkunnskap for samlingsbasert GLU, og ser fram til å vidareutvikle arbeidet med digital observasjonspraksis.
– Tilbakemeldingane frå studentane er gode. Gjennom den digitale observasjonspraksisen har dei fått eit viktig innblikk i ulike sider ved lærarrolla. Dei har lært om rettleiing, korrigering og ikkje minst har dei fått nokre korte innblikk i samhandlinga mellom kollegane i klasserommet. Dette er ei spennande vinkling som ofte går tapt i ein vanleg klasseromsobservasjon, seier ho.
Kulild påpeikar at svakheita med den digitale løysinga er at ein ikkje får møte elevane og starta det viktige arbeidet med relasjonsbygging i praksisklassen.
Det er difor viktig at digital observasjonspraksis er eit supplement til observasjonspraksis i klasserommet.
– Vi tek med oss erfaringane frå Trudvang og planlegg å gjennomføre ein digital observasjonspraksis frå ein lærarutdanningsskule på Stord etter jul, seier Kulild.