
Desse skal hospitere i Brussel
Eli Hilde Borsholm og Henning Norheim er dei to første HVL-tilsette som skal hospitere ved Vest-Noregs Brusselkontor. Målet er å styrke HVL sitt nettverk både i EU og med kontoret sine medlemmer på Vestlandet.
– Eg ønskjer å lære meir om EU, få innsikt i korleis nettverk i Brussel fungerer, og forstå betre korleis dette kan kome HVL til gode. Eg håpar opphaldet kan gi meg ny inspirasjon og kunnskap som eg kan ta med tilbake til høgskulen, seier Henning Norheim.
Han er administrasjonssjef ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS) og ein av dei to som er plukka ut til HVL si nye hospiteringsordning.
Til hausten pakkar Norheim kofferten for å bu tre månader i Brussel. Her skal han vere ein del av Vest-Norges Brusselkontor (VNB) sine daglege aktivitetar, samtidig som han tek med seg delar av sine vanlege arbeidsoppgåver ved HVL.
– Som leiar i fakultetsadministrasjonen ved FTMS meiner eg at opphaldet i Brussel kan vera relevant for våre kjerneoppgåver og for utviklinga av fakultetet, seier han.
Kunnskap om korleis EU påverkar universitets- og høgskulesektoren
Han påpeikar at vi gjennom eit tettare samarbeid betre kan forstå korleis EU påverkar sektoren vår, og korleis vi kan utnytte moglegheitene som ligg i europeiske program og nettverk.
– Vår deltaking i Vest-Norges Brusselkontor gir oss moglegheit til å utvikle og styrke breiddekompetansen i organisasjonen, særleg knytt til prosessar og ordningar i EU-systemet, seier
Administrasjonssjefen ser fram til å bu i Brussel og oppleve det byen har å by på.
– Eg gler meg til ein heilt annan arbeidskvardag, nye impulsar og nye perspektiv. Eg bryr meg om Vestlandet og spesielt Høgskulen på Vestlandet og ser fram til å bidra. Og så håpar eg sjølvsagt å få nyte ein og annan moules frites undervegs, seier han.
Rom for det internasjonale
Eli Hilde Borsholm er den andre HVL-tilsette som er plukka ut i hospiteringsordninga. Ho reiser sørover i starten av 2027.
– Dette var ei moglegheit eg ikkje kunne la passere. Eg synest det er utruleg flott at HVL og VNB har opna for ei slik ordning som gjer det mogeleg for oss som HVL-tilsette å fokusere på internasjonaliseringsarbeid over ein litt lengre periode, seier ho.
Borsholm er studieadministrativ leiar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Ho påpeikar at Europa blir stadig viktigare for oss i tida vi lever i.
– Eg håpar eg gjennom dette opphaldet kan bidra til auka kunnskap i organisasjonen om europeisk samarbeid. Sjølvsagt er det også ein personleg motivasjon i botn. Om å reise ut, skifte fokus frå det daglege arbeidet og gjere noko nytt og spanande.
Relevans og aktualitet
Prorektor for nyskaping og regional utvikling ved HVL, Øyvind Midtbø Berge, er særs nøgd med interessa for hospiteringsordninga.
– Det var 13 gode søkarar frå både vitskaplege og administrative stillingar. Førstevara er førsteamanuensis. Konkurransen om dei to plassane var tøff, så eg oppmodar alle som søkte i denne runden til å søke i neste runde, seier han.
Hospiteringsordninga vil rotere både når det folk og tematikk. Dette betyr at EU- kompetanse blir fordelt i større delar av organisasjonen, enn det som hadde vore tilfelle dersom HVL hadde tilsett ein person ved kontoret.
Kriteria for utvelging handla om relevans, kompetansebygging, strategisk prioritering og aktualitet.
Viktig nettverksbygging
Vest-Norges Brusselkontor har i dag 18 medlemmer. 14 kommunar, Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommune, samt HVL og Havforskningsinstituttet. Kontoret har ofte besøk av politikarar, interesseorganisasjonar og bedrifter frå Vestlandet.
– Å bygge nettverk er ein viktig del av denne jobben. At vi er meir til stades på regionkontoret vårt i Brussel vil både kunne utvide HVL sitt nettverk i EU og regionalt. Det vil bygge opp under samfunnsoppdrag vårt om å utvikle Vestlandet og bidra til den kunnskapen og kompetansen som trengs i regionen framover, seier Berge.
Les også:
Januar 2026: Underteikna avtale om hospiteringsordning ved Vest-Norges Brusselkontor