Bli med på HVL-konferansen 24. april!

Tema for årets konferanse er kunstig intelligens og framtidas utdanning.

I ei tid der kunstig intelligens utviklar seg veke for veke, står høgare utdanningssektoren overfor enorme utfordringar, men også store moglegheiter.

Fleire tiltak har blitt gjort dette studieåret for å auke kunnskapen både for tilsette og studentar, men 24. april er heile HVL for første gong invitert for å utforske temaet saman.

Korleis ser KI-landskapet ut akkurat no?

– Programmet er sett saman for å gi både innsikt i korleis KI-landskapet ser ut akkurat no, og til å opne for diskusjon og samtale rundt konkrete utfordringar, fortel førsteamanuensis Alexander Lundervold.

Saman med kollegaer på Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag, har han sett saman eit variert program der også ulike fagmiljø ved HVL skal vise fram korleis dei har brukt KI innanfor sine studieprogram.

Leiar for Studenttinget på Vestlandet, Henrik Haug ser fram til konferansen og håpar mange studentar vil ta del i arrangementet.

– På grunn av det store omfanget av oppgåver som KI kan brukast til, vil det vere relevant for alle studentar, uavhengig av utdanning å ha god kjennskap til korleis KI fungerer, og korleis vi kan bruke KI, seier Haug.


Leiar for Studenttinget på Vestlandet, Henrik Haug. 

Eit kraftig verktøy som krever ansvarleg bruk

Studenttingsleiaren påpeikar at sidan KI er så utbreidd, og genererer nytt materiell basert på eksisterande kunnskap, er det ekstra viktig at studentar får god opplæring i bruken.

– Dette er viktig for å sikre at alle brukar dette kraftige verktøyet på ein ansvarleg måte, og ikkje lar det bli en rask utveg.

Det er ingen tvil om at KI kjem til å bli ein sentral del av utdanning framover. Haug meiner at HVL-konferansen vil gi studentar eit godt innblikk  i korleis HVL, studentdemokratiet og tilsette, stiller seg til bruken, og korleis det kan gi et godt utbytte for alle på institusjonen.

– Eg anbefaler sterkt å delta på konferansen, enten fysisk eller digitalt, for å sjå korleis studiekvardagen din kan sjå ut i næraste framtid, seier han.


Prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland. Foto: HVL/Eivind Senneset

Plattform for kunnskapsutveksling og refleksjon

Konferansen vil blir gjennomført i Mimes Brønn, HVL, campus Bergen, og kjem til å bli strøyma slik at ein også kan følgje arrangementet digitalt.

– Høgskulen på Vestlandet har høge digitale ambisjonar, og HVL-konferansen 2024 er ein viktig arena der studentar, tilsette og samarbeidspartnarar vil diskutere korleis teknologi og kunstig intelligens påverkar utdanningssektoren og korleis HVL skal møte utfordringane som kjem med kunstig intelligens, seier prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland.

– HVL-konferansen vil utfordre oss og vere ein plattform for kunnskapsutveksling og refleksjon, legg han til.

Lenke til programmet finn du her: HVL-konferansen 2024: Kunstig intelligens og framtidas utdanning