Nye emne gir studentane viktige verktøy i møte med andre kulturar

Kva er særeige for det norske perspektivet? Kven er du i møte med andre? Kva er likt og ulikt på tvers av kulturar? Dette er noko av det studentane reflekterer over i emna for interkulturell kompetanse før og etter utveksling.

Internasjonalisering innan høgare utdanning er ein politisk prioritet både i stortingsmeldinga frå 2008 og den frå 2020. Studentutveksling er ein viktig del av dette.

Ved HVL kan studentane no ta eigne emne, som gir dei viktige verktøy i møte med andre kulturar: INT100 (Interkulturell kompetanse før studentutveksling) og INT101 (Interkulturell kompetanse under og etter studentutveksling).

Elise Iversen studerer økonomi og administrasjon ved HVL i Bergen og er i desse dagar på utveksling i Montpellier i Frankrike. Ho set pris på utbytet ho fekk av INT100 før ho reiste ut.

– Vi hadde tre kurs før jul. Då gjekk vi gjennom ting ein kan oppleve på utveksling, fortel Iversen.

Elise Iversen er for tida på utveksling i Montpellier i Frankrike.

Aktivt og lærerikt

Studentar frå alle campusane var med på opplegget før jul, og Iversen synest det var kjekt å kunne dele erfaringar med studentar frå andre stader.

– Det var veldig lærerikt, og det var mykje diskusjon. Det er eit veldig aktivt emne, seier ho.

På utveksling i Montpellier er ho no i gang med det andre emnet i interkulturell kompetanse, som vektlegg refleksjonar studentane gjer seg under og etter utvekslingsopphaldet.

– Vi fekk utdelt oppgåva ganske tidleg. Vi skal reflektere over kva slags utfordringar vi møter, så då hjelper det av vi allereie har tatt det emnet der vi diskuterte potensielle utfordringar, seier Iversen.

I Frankrike har ho blant anna merka seg at folk kommuniserer annleis.

– I Noreg er vi meir reserverte. Her er det meir vanleg at folk snakkar med deg på banen og liknande, forklarer ho.

HVL i teten

– HVL er tidleg ute med slike emne. Kanskje vi etter kvart kan tilby desse emna til studentar ved andre institusjonar, seier dosent Bergersen.

– Emnet består av to delar, fortel Bergersen.

bilde av Ane Bergersen

Ane Bergersen

Dosent

Ho har lang fartstid innanfor fagfelt som interkulturell kommunikasjon og Global Knowledge. Saman med blant andre Hildegunn Loftesnes, Aud Berit Fossøy og NOREC har ho utvikla emna  i interkulturell kompetanse før og etter utveksling.

Det første emnet, før sjølve utvekslinga, skal gi studentane kunnskap nokre kjernekompetansar innanfor interkulturell kompetanse, som skal vera relevante litt uavhengig av kor dei skal på utveksling.

– Studentane reflekterer over eigen ståstad og det norske perspektivet. Det handlar om å gjera dei bevisste på at vi alle er "spesielle" i møte med andre, seier Bergersen.

Ulike kommunikasjonsstilar

– Globalt sett er nordmenn veldig direkte i kommunikasjonen, seier Bergersen.

Ho trekker fram at velferdsstaten som ein viktig faktor. I samfunn med mindre sosialt sikkerheitsnett er høflegheit viktigare, fordi ein er meir avhengig av kvarandre som enkeltmenneske.

Nordmenn som reiser ut i det store utland treng òg ofte å bli meir bevisste på kroppspråk.

– Vi trener studentane til å bli meir globale fortolkarar, seier Bergersen.

Teori og konkrete døme

I undervisinga får studentane ei innføring i generell interkulturell teori, og dei blir presenterte med døme frå land som dei fleste studentane reiser til.

– Vi har snakka mykje om dette med makt og posisjon, kva slags posisjon det er norske studentar kan få når dei reiser ut, forklarer Bergersen.

– Studentane reflekterer over kva som er deira eigne blindsoner og kven dei er i møte med andre, legg ho til.

Etter utveksling

Del to av kurset gir òg 2,5 studiepoeng. Her skal studentane skrive ein refleksjonsrapport frå utanlandsopphaldet.

– Dei kan gjerne trekke inn det dei lærte før dei reiste, og dei skal reflektere over interkulturell kompetanse, etiske dilemma og forståing for kulturelle forskjellar, seier Bergersen.

Emnet som går før utvekslinga blir avslutta med ein skriftleg eksamen, medan emnet etter utveksling blir avslutta med ein munnleg eksamen.