Høgt nivå på KFF-søknadane i 2024

Kunstfaglege forskingsformer (KFF) er HVL sitt vurderingssytem for kunstfagleg forskingsarbeid. 10 arbeid fekk gjennomslag i årets søknadsrunde og fagfellekomitéen seier det var særs høgt nivå i årets vurdering.

Draumen - ein performance er eitt av forskingsarbeida som har blitt vurdert og godkjent innanfor HVL sitt system for fagfellevurdering av kunstfaglege forskingsformer (KFF). Gjennom Draumen opnar det ein ny dimensjon av læring og oppleving. Der kunst og mindfulness saman skapar ei heilskapleg tilnærming til utdanning.  

Kunstens kraft inn i skulen 

Sjølve framføringa er spelt inn som ein draum. Publikum får oppleva draumen ved å gå inn i eit estetisk opplevingsrom. Denne improviserte kunstperformancen med dans, drama, musikk og film er retta mot born og med mål om å fange publikum i ein mindfull atmosfære. 

Dei fire bidragsytarane Jonas Selås Olsen, Frode Hammersland, Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt og Marte Aadland Simonsen er alle frå institutt for kunstfag på HVL. 

  Det er sjølvsagt stas at vi har fått tilslag. Sidan dette var ei ny ordning på søknadstidspunktet så var vi spente på korleis det ville bli teke imot og kor lista låg. Vi har lagt mykje arbeid ned i dette, og då er det kjekt at det vert verdsett.

Utgangspunktet for performancen er Erasmus+ prosjektet Arts and Mindfulness in Education (AMiE). AMiE er eit innovasjonsprosjekt som gir europeiske lærarar inspirerande og støttande verktøy for implementering av mindfulness i barnehage- og grunnskuleundervisning. Spesielt for barn i alderen 3 til 12 år. Det unike med prosjektet er bruken av kunstens kraft og kreative prosessar som fundament for å introdusere mindfulness i skulesamanheng. 

–  Det har vore veldig spanande å arbeide så tett på denne måten. Vi har lært mykje om mindfulness, men óg om kvarandre sine fag, og ikkje minst oss sjølve i skapande prosessar, seier dei fire bidragsytarane.    Med born som målgruppe blei det naturleg å skapa ei opplevingssverd som borna kunne gå inn i og der dei kan få oppleva, skapa og interagere saman med rom, materiale, deltakarar og utøvarar.  

Førestillinga er utforma utan forklaringar, noko som gir rom for at publikum sjølv kan aktivere sine sansar og oppleve handlinga på ein personleg måte. 

Høgt nivå på refleksjonsarbeid og gjennomføring 

Ellen Marie Sæthre-Mcguirk sit i fagfellekomiteén, og har i samråd med dei andre i komitéen følgande beskriving av arbeidet.

  Prosjektet og framsyninga Draumen er eit spennande og gjennomført prosjekt som er gjennomgåande tverrfagleg. Framsyninga sin tverrfaglege natur er vidare spegla i refleksjonsarbeidet til dei vitskaplege tilsette, ved at dei har samskrive og produsert ein videodokumentasjon av arbeidet sitt. 

Framsyninga er eit godt døme på korleis vitskaplege tilsette innanfor estetiske fag- og kunstfag i lærarutdanninga kan gå saman om eit skapande prosjekt, og korleis dei kan både utfylle kvarandre og vidareutvikle prosjektet som gruppe, seier fagfellekomiteén. 

Godkjent arbeid 2024

Godkjent arbeid i 2024 

Søkndstal for 2024-søknadane:

Mottekne søknadar: 14

Mottekne søknadar per fagdisiplin:

  • Musikk: 4
  • Forming, kunst og handverk: 7
  • Drama: 0
  • Tverrfagleg: 1
  • Anna fagdisiplin: 2

    Godkjente KFF-arbeid: 10
    Akseptrate: 0, 71

KFF-poeng 2024:

Utdelte KFF-poeng ved FLKI: 21,4
Tal på forskargrupper som får KFF-poeng: 4

  • Materialitet, teknologi og bærekraft (MaTecSus): 5 arbeid godkjent
  • Sang i danning (SiD): 2 arbeid godkjent
  • Kunstnerisk utviklingsarbeid i lærerutdanningen (KUL): 2 arbeider godkjent
  • Barnehagen som (ut)danningsarena – barns, studenters og læreres aktivitet (BuDA): 1 arbeid godkjent

Dei fleste godkjente arbeid er knytt til Institutt for kunstfag, forutan ein søknad som er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.

Her kan du lese meir om kvart  enkelt arbeid i  HVL open:

Relaterte saker