Hopp til innhald

Læraryrket sin attraktivitet er avgjerande for å få fleire til å velje lærarutdanningane

Mange vel læraryrket fordi dei vil dele kunnskap og gjere ein skilnad i barn sine liv. Eit godt arbeidsmiljø, gode karrieremoglegheiter og ei lønn som står i samsvar til arbeidet, er avgjerande for at dei blir verande i yrket.

Det viser ein fersk rapport som blir presentert under Arendalsuka i dag.

Å rekruttere tilstrekkeleg mange lærarar og sikre at dei blir verande og trivast i skulen og barnehagen, er ei tilbakevendande problemstilling, både for Høgskulen på Vestlandet og for samfunnet som heilskap.

Dette var også noko av bakgrunnen for at Kunnskapsdepartementet gav Høgskulen på Vestlandet (HVL) prosjektmidlar til å undersøke og prøve ut tiltak for å styrke rekruttering til lærarutdanningane.

– Vi treng kunnskap og forsking om feltet

Det nasjonale prosjektet har mellom anna sett i gang eit tiltak der noverande studentar frå barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanningane har besøkt vidaregåande skular og fortalt om kvifor akkurat dei valte denne utdanninga.

I vår bestilte HVL ei kunnskapsoppsummering for å få meir innsikt til å styrke rekrutteringsarbeidet.

– For å forstå rekrutteringsutfordringane til læraryrket, treng vi kunnskap og forsking om feltet. Denne ferske rapporten er difor viktig for å arbeide vidare for at fleire vel å bli lærarar, seier Asle Holthe, dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, ved Høgskulen på Vestlandet.

Les Holthes innlegg i Khrono om tema her: Læreryrket må gjøres mer attraktivt (khrono.no)

Kunnskapsoppsummeringa er gjennomført i samarbeid mellom Kunnskapssenter for utdanning (KSU) ved Universitetet i Stavanger, i samarbeid med forskarar ved Durham University.

Debatt om rekruttering til læraryrket på Arendalsuka

Forskningsrapporten blir offentleggjort offisielt under KSU og HVL sin debatt under Arendalsuka i dag, 17. august klokka 16.30.

I debatten møter følgjande deltakar for å diskutere resultata:

  • Ingunn Folgerø, rektor ved Bryne vidaregåande skule
  • Margret Hagerup, stortingsrepresentant for Høgre, medlem av utdannings- og forskningskomiteen
  • Steffen Handal, leiar for Utdanningsforbundet
  • Kristin Holm Jensen, avdelingsdirektør for oppvekst, kultur og utdanning i KS (kommunesektorens organisasjon)
  • Lars Syrrist, leiar for Pedagogstudentene
  • Elise Waagen, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, utdanningspolitisk talsperson

Debattleiar er Aslak Bonde, frittståande politisk analytikar og kommentator.

Senterleiar for Kunnskapssenter for utdanning, Elaine Munthe, vil gjere greie for hovudinnhaldet i rapporten før debatten startar.

Ingen raske løysingar

Forskargruppa har funne mengder av forsking frå inn- og utland. Funna er vidare kvalitetsvurdert, systematisert og analysert for å gi innsikt i kva som har betydning for rekruttering og for at lærarar blir.

– Dessverre viser arbeidet vårt at det ikkje er enkle og raske løysningar for å påverke søking til lærarutdanningar, seier Munthe.

Forskarane bak kunnskapsgrunnlaget konkluderer at det aller viktigaste arbeidet med å rekruttere og å behalde lærarar i barnehage og skule går føre seg i barnehagen og skulen. Arbeidsmiljø, oppleving av kommunikasjon med og støtte frå leiing, godt kollegaskap, oppleving av meistring og glede i å vere saman med barn og elevar er alle faktorar som gjer at lærarar blir i jobben. Det daglege, kontinuerlege arbeidet med utvikling av gode relasjonar og miljø er difor av stor betydning for å behalde dyktige lærarar, heter det i rapporten sitt samandrag.

Asle Holthe Foto Eivind Senneset HVL.jpg

– Det er viktig at institusjonane får strategisk handlingsrom for å utvikle gode utdanningar som er basert på forskning og innovasjon, seier dekan Asle Holthe. Foto: Eivind Senneseth/HVL

For detaljerte rammeplanar hindrar utvikling av lærarutdanningane

I tillegg til funna i rapporten meiner Asle Holthe at det også viktig å sjå på rammene til sjølve lærarutdanningane.

–Vi har i dag detaljerte forskriftsbestemte rammeplanar som hindrar nytenking og utvikling av innhaldet og organiseringa av innhaldet, seier Asle Holthe.

Dekanen påpeikar at lærarutdanningane skal utdanne lærarar som kan løyse oppgåvene i dagens og morgondagens barnehagar og skular.

– Det er viktig at institusjonane får strategisk handlingsrom for å utvikle gode utdanningar som er basert på forskning og innovasjon. Dette er også heilt nødvendig ettersom lærarutdanningsmiljøa er blitt større, har styrka forskingskompetansen og den profesjonsrelevante forskinga. Gjennom tett samarbeid med praksisfeltet vil institusjonane kunne tilpasse seg endringar og nye behov, seier han.

Fakta om Høgskulen på Vestlandet

  • Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 17.000 studentar. Kvart år uteksaminerer vi 4.500 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver. 
  • HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. 
  • Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Les om universitetsambisjonen
  • Vi har fem campusar på Vestlandet: FørdeSogndalBergenStord og Haugesund.