
No er den nye skaparverkstaden på HVL offisielt opna
Tverrfaglege møteplassar skaper grobotn for innovasjon. Med opninga av den nye skaparverkstaden (Makerspace) på campus Bergen, har høgskulen og samarbeidspartnarane skapt nettopp ein slik møteplass.
Denne veka var det duka for høgtideleg opning av den nye skaparverkstaden (Makerspace) på HVL, campus Bergen. Verkstaden har fått støtte frå både Framo-stiftinga og Agenda Vestlandet.
For det utrente auge ser skaparverkstaden ut som ein heilt vanleg lab, men til motsetnad frå dei fleste labane på HVL tilhøyrer ikkje Makerspace eit avgrensa fagmiljø. Her skal studentar frå ulike fagretningar på HVL, NHH og UiB kunne komme og prøve ut utstyret.
– Dette blir ein slags "akademisk sløyd", sa prorektor for nyskaping og regional utvikling Øyvind Midtbø Berge under opninga.
Frida Olsen Engedahl er både stipendiat og arbeider i HVL Skape, høgskulen sitt tilbod for studentdriven innovasjon.
Tenke utanfor boksen
Frida Olsen Engedahl forskar på studentinnovasjon, samtidig som ho arbeider i HVL Skape, høgskulen sitt tilbod for studentdriven innovasjon. Ho fortalde litt om arbeidet med studentar og innovasjon.
– Vi skal vere med på å bygge ein kultur for entreprenørskap og lage rom for at studentane kan tenke utanfor boksen, sa ho.
Ho trekte òg fram at berekraftsperspektivet er viktig i høgskulen sitt innovasjonsarbeid.
– Vi vil at studentane skal vere i stand til å tenke kritisk rundt ideane sine, ikkje berre tenke på inntening, sa ho.
Blant tiltaka for å styrke den studentdrivne innovasjonen, er at HVL årleg sender studentar til innovasjonscampen hos CERN i Geneve. Denne satsinga blir no styrkt med ei millionløyving frå Agenda Vestlandet.
Blant dei studentane som la turen innom CERN i fjor var Herman Andreas Linnestad, som studerer for å bli ingeniør innanfor energiteknologi.
– Dette er det råaste eg har vore med på, sa han om reisa og innovasjonscampen.
– Vi lærte verkeleg korleis ein angrip ei litt abstrakt oppgåve. Det er alltid fleire løysingar og fleire perspektiv, det er viktig å få fram, sa den engasjerte studenten.
Her ringer Frikk Hosøy inn den offisielle opninga av Makerspace (skaparverkstaden) på campus Bergen. Prorektor for nyskaping og regional utvikling, Øyvind Midtbø Berge, held opp bjølla, som var ei gåve frå Vestlandets innovasjonsselskap (VIS).
Når disiplinar møtest
Nettopp dette med fleire perspektiv som møtest står sentralt i tankegangen bak skaparverkstaden på Kronstad. Frikk Hosøy Fossdal, som innreidde verkstaden, hadde erfaring med slike møteplassar frå utlandet, då han studerte i Newcastle.
I Newcastle budde han med arkitektar og andre studentar med meir praktiske studieretningar, medan han sjølv arbeidde med ein meir teoretisk mastergrad. Når studentar med ulike studieretningar møttest, skjedde spennande ting, og det er òg tanken bak den nye skaparverkstaden.
– I staden for å ha spesifike labar prøver vi å opne opp desse labane og sleppe inn fleire disiplinar. Ved å invitere inn heilt nye personar, på trygge måtar, vil vi få nye idear, ny nysgjerrigheit og innovasjon, sa Fossdal, som har både bachelor og doktorgrad frå Høgskulen på Vestlandet.
Historiske linjer
– Høgskulen sitt engasjement for regionen, og høgskulen sitt engasjement for å bygge og lage ting, begynte verken med CERN eller Makerspace, sa prorektor Øyvind Midtbø Berge.
Han trekte fram ingeniørutdanningane ved høgskulen, som fylte 150 år i fjor.

Anne Sofie Handal Bjelland fortalde om podkasten "Ingeniørane som bygde Vestlandet".
Høgskulelektor Anne Sofie Handal Bjelland fortalde litt om historia til ingeniørutdanningane ved HVL, frå Bergen tekniske fagskole til og med i dag. Den interessante historia er tilgjengeleg i podkastformat.
– I podkasten prøver vi å dra litt lange linjer. Ein får innsikt i kvifor vi er her, og i dei mange turbulente endringane i norsk utdanningssektor, som jo har vore veldig spennande, sa Handal Bjelland.
Seinare var det duka for helsing frå Vestlandets innovasjonsselskap (VIS) og kontraktsignering med Vest-Norges Brusselkontor, som HVL-tilsette no har høve til å hospitere hos.

Student Jonas Hosøy Nygård er HVL Skape sin representant inn mot Makerspace.
Ein kreativ verkstad
Jonas Hosøy Nygård studerer ansvarleg innovasjon og berekraftig entreprenørskap ved HVL. Ved sida av studia arbeider han som studentassistent i HVL Skape, med særskilt ansvar for skaparverkstaden.
– Makerspace er eigentleg ein kreativ verkstad. Dette er ei heilt ny greie her på høgskulen, seier Nygård.
– Vi har mykje forskjellig! Vi har verktøy, 3D-printarar, laserkuttarar, trykkmaskiner, og CNC-fres, så vi har eigentleg det du treng for å lage ting, legg han til.
Sjølv har han allereie blitt litt kjend med verktøya i skaparverkstaden, og han reknar med at han kjem til å bruke tilbodet hyppig.
– Det er veldig kult å ha ei sånn moglegheit på skulen, seier han.