– Vil gi barn i Karibia ei stemme i klimakampen

For grunnskulelærarstudent Anne-Marie Karlsen og marinbiolog Bernt Rydland Olsen, blir læring i klasserommet bytta ut med trimming av seil og undersøking av hummar, når dei no mønstrar på Statsraad Lehmkuhl i Karibia.

27. oktober segla Staatsraad Lehmkuhl inn i det karibiske hav etter å ha brukt tre veker på å krysse Atlanterhavet. I helga mønstrar ein student og ein faglærar frå Høgskulen på Vestlandet på skipet for å vere med på etappen mellom Curaçao og Havanna i jordomseglinga.

– Eg er veldig opptatt av miljø og berekraft. Å vere med på One Ocean Expedition i Karibia, er ei unik moglegheit til å møte andre studentar frå andre land og andre utdanningar som ser klimautfordringane frå eit anna perspektiv enn meg sjølv, seier Anne-Marie Karlsen.

Ho går siste året på grunnskulelærarutdanninga 5-10 ved Høgskulen på Vestlandet og ser fram til å jobbe konstruktivt med løysingar i ein del av verda der klimakrisa er mykje tettare på enn hos oss.

Hummar i bevegelse

24-åringen frå Hvaler innrømmer at ein nokre gonger kan føle seg makteslaus i møtet med dei store globale klimautfordringane som forureining, ressursutnytting og minkande biologisk mangfald.

Om bord på Staatsraad Lehmkuhl skal Karlsen ta del i eit feltkurs i regi av Bjerknessenteret for klimaforskning saman med studentar frå Noreg, Sverige, Canada, USA, Jamaica, Columbia, Cuba og Kamerun.

– I gruppa eg er med, er temaet marine ressursar. Vi skal sjå på korleis hummarbestanden forflyttar seg over store avstandar i Karibia og korleis ein kan drive berekraftig fiske på tvers av landegrenser, seier ho.

Data som blir samla inn skal danne utgangspunkt for eit undervisningsopplegg til skuleklassar frå Havanna som skal kome om bord på skipet. I tillegg skal Karlsen bruke det ho opplever om bord inn i masteroppgåva si som grunnskulelærar.

– Målet er å gi elevane ei stemme i møte med klimaendringane som går føre seg rett utanfor døra deira, seier ho.

lehmkuhl.jpg

Tett på havet

Bernt Rydland Olsen er førsteamanuensis ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet og skal også vere med på den same etappen frå Curaçao til Havanna. Han underviser til dagleg grunnskulelærarstudentane ved Høgskulen på Vestlandet i naturfag, men ser fram til å bli ein del av mannskapet om bord på Statsraad Lehmkuhl.

– Å vere med på denne reisa er høgst relevant for meg både personleg og fagleg. Eg har ei doktorgrad i marinbiologi og har lenge vore opptatt av livet i og ved havet, seier Rydland Olsen som tidlegare har vore på tokt i Norskehavet for å undersøke det biologiske mangfaldet ved varme kjelder i djuphavet.

Noko av det han ser aller mest fram til, er å lære meir om korleis dei som lever tett på havet, forheld seg til det.

– Vi i Vesten har stort sett eit veldig distansert forhold til ressursane vi utnyttar. Vi går på Rema 1000 utan å tenke så mykje på kvar fisken kjem frå. For dei som bur tettare på ressursane, er utgangspunktet eit anna. Eg ser fram til å lære meir om dette og også høyre meir om kva tilnærming dei har til forsøplinga i havet, seier han.

For førsteamanuensisen vil seilasen også danne grunnlag for vidare forsking. I tillegg til å stille eit kritisk lys på korleis andre jobbar med tema som klima, marin forsøpling og ressursar, ønsker han å sjå på læring utanfor klasserommet og kva konsekvensar det får for læringa.

HiisHaugetilhvlno.jpg
– Undervegs i seilasen vil studentar ved barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane her heime i Noreg få moglegheiter til å stille spørsmål til dei som er om bord, seier Kjellrun Hiis Hauge. Foto: HVL

Grunnskulelærarstudentar og barnehagelærarstudentar er involvert

Deltakinga på Statsraad Lehmkuhl er ein del av ein undervisningsmodul som inngår i tre emne ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett: Berekraftig utvikling gjennom barns medverknad.

– Dette er eit emne i barnehagelærarutdanninga, samt fordjupningsemne i naturfag på masternivå i lærarutdanning for både trinn 1-7 og 5-10. Studentane har førebudd seg på sentrale tema for One Ocean Expedition, som plast, klima og marine ressursar, fortel Kjellrun Hiis Hauge, professor i klimadanning og berekraft ved Høgskulen på Vestlandet.

Under seglasen vil Bernt Rydland Olsen og Anne-Marie Karlsen sende opptak og tekst knytt til undervisningsmodulen. Dei vil dele fagleg innhald og formidla kva desse tematikkane betyr for lokalbefolkninga der dei går i land.

– Studentane her i Noreg kan sende spørsmål til Statsraaden, og Bernt og Anne-Marie vil skrive ein blogg, også med kvardagsleg innhald. Forskargruppa Utdanning for berekraft vil også forske på studentane som tar modulen, seier Hiis Hauge.

– Ingen bør bli mobba for sitt klimaengasjement

Når marinbiologen og masterstudenten no set seg på flyet med kurs for Willemstad på Curaçao, går dei inn i det med eit ope sinn om kva dei har i vente, samtidig har dei ei forventing om å kunne snakke om berekraft saman med andre engasjerte menneske.

– Eg heller mot at vi bør vere optimistiske med tanke på klima og framtida, men for at vi skal lukkast har foreldregenerasjonen stor betydning. Vi må ikkje vere skeptiske eller negative til barn og unge sitt engasjement anten det handlar om klimastreikar eller andre aktivitetar. Ingen barn bør bli mobba for sitt klimaengasjement, seier Rydland Olsen.

Anne-Marie Karlsen er eining.

– I dagens situasjon krevst det både strukturelle endringar, og kloke handlingar frå oss som enkeltpersonar. For å nå klimamåla må vi vere bevisst på at vi har ei stemme og bruke den.

Anne Marie Karlsen ute.jpg– Eg håpar at seilasen vil gi meg impulsar frå andre fagdisiplinar som eg kan ta med meg vidare når eg skal ut og jobbe i skulen neste år, seier grunnskulelærarstudent Anne Marie Karlsen. I morgon laurdag, reiser ho til Curaçao saman med førsteamanuensis, Bernt Rydland Olsen. Foto: HVL

Fakta om One Ocean Expedition