
Gir arbeidet med regional utvikling meir kraft
Med samfunnskontaktane Frode Grimelid ved campus Førde og Tallak Liavåg Rundholt ved campus Bergen på plass, er HVL sitt arbeid med regional utvikling ytterlegare styrka.
– Me har no fått på plass samfunnskontaktar for alle fem campusane våre og gjer klart for auka offensiv satsing, seier prorektor for regional utvikling ved HVL Geir Kåre Resaland.
Samhandling med omgjevnadane er ein av grunnpilarane i høgskulen og står sentralt i strategi og handlingsplanar, og i arbeidet med det nye universitetet.
To viktige roller
Prorektor for regional utvikling Geir Kåre Resaland fortel at samfunnskontaktane har to viktige roller.
– Dei skal vera viktige støttespelarar for fakulteta våre og deira arbeid med regional utvikling og samhandling. Det er primæroppgåva.
– Samstundes skal dei vera tydelge og synlege kontaktpunkt i fleircampus-strukturen vår, både på den enkelte campusen og ved å arbeide saman som eit team. Å ha lett tilgjengelege kontaktpunkt for eksterne samarbeidspartnarar og andre som ikkje har opplagte inngangar til fakulteta eller HVL som organisasjon, er svært viktig.
Resaland understrekar at arbeidsoppgåvene til samfunnskontaktane i stor grad handlar om å støtte fakulteta rundt regionale kompetansebehov, etablere og vidareutvikle nettverk, og følgje opp kontakt- og møteplassar med samfunns- og arbeidsliv og vertskommunar i den regionen dei har ansvar for.
Livslang læring og campusutvikling
– Dei har óg viktige oppgåver i arbeidet med livslang læring og campsutvikling.
Resaland fortel at dei fem samfunnskontaktane er ein del av avdelinga for Arbeidsliv, samfunnskontakt og livslang læring som óg husar viktig arbeid og støtte til oppgåver som arrangement, HVL Skape og Alumni.
– Dette er oppgåver som står fint inn i kvarandre og som vi vil løysa saman.
Sjå nye oppdaterte nettsider "Samarbeid med oss".