Stor støtte til pronomenet hen blant HVL-tilsette

I 2022 innførte Språkrådet hen som kjønnsnøytralt pronomen i nynorsk og bokmål. Mange HVL-tilsette brukte det nye pronomenet allereie før den formelle innføringa, syner ei spørjeundersøking.

I Bokmåls-og Nynorskordboka heiter det at pronomenet hen er oppført med to bruksområde: for det første «for å vise til ein person når kjønn er ukjent, uvesentleg eller blir halde skjult», og for det andre «for å vise til ein person som føretrekkjer pronomenet ‘hen’ framfor ‘han’ eller ‘ho’». Denne endringa kom på plass i juni 2022, etter ein langvarig diskusjon på om lag 50 år.

Undersøkinga om bruken av hen vart sendt til alle HVL-tilsette i februar 2022, fleire månader før rettskrivingsendringa blei vedteke. Formålet var då å kartlegge erfaringar med og synspunkt på den nye pronomenforma.

Profesjonane ute i praksisfeltet

Forskarane Edit Bugge, Trude Bukve og Hege Myklebust er alle tilsette ved HVL og meiner at deira eigen arbeidsplass var særleg interessant å undersøke fordi høgskuletilsette spelar ei sentral rolle i implementeringa av normendringar, mellom anna gjennom lærarutdanningane og dei helsefaglege utdanningane, og gjennom vidareutviklinga av normer for norsk fagspråk i lærebøker og faglitteratur.

- Det var interessant for oss å sjå på korleis HVL forheldt seg til bruken av hen, også før endringa formelt vart innført. Kandidatane vi utdannar vil jo gjennom profesjonane dei blir utdanna til, kunne møte på menneske i ulike situasjonar, til dømes pasientar, som identifiserer seg som hen. Dei har også bruk for å anonymisere personar i tekst, og då kan pronomenet hen vere nyttig, seier Bugge og Bukve.

– I samband med undersøkinga fann vi mange døme på at hen vart mykje brukt i HVL allereie då, til dømes i fleire forskrifter, legg Myklebust til.

Positivt utgangspunkt i HVL

623 personar svarte på undersøkinga. Resultatet syner at det er høg støtte til å ta pronomenet inn i ordbøkene, på tvers av aldersgrupper, men med nokre skilnader mellom ulike grupper etter kjønn og fakultetstilhøyrsle. Kvinnene var meir positive til bruken av hen enn mennene. Aller mest positive er dei tilsette ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

– Spørjeundersøkinga syner også at det er aller størst oppslutning om å omtale dei som ønskjer det sjølv, med hen, seier Bugge.

Tilsette i HVL verkar derimot meir usikre på bruken av hen når det kjem til meir formelle skriftsituasjonar; færre svarar at dei kunne ha brukt pronomenet i lærebøker og vitskaplege publikasjonar, medan fleire svarer at dei ville brukt hen i e-post-kommunikasjon med kollegaer eller privat. Ei forklaring kan vere at deltakarane blir påverka av ytre normer, både førestilte og faktiske, i dei formelle skriftsituasjonane. I dei uformelle skrift-situasjonane oppfattar ein derimot at ein har større valfridom, og her ser vi at talet på tilsette som svara “veit ikkje” er markant lågare.

Her kan du lese heile forskingsartikkelen om bruken av hen i HVL

Trur på snarleg normalisering

– Det er jo slik at bruken av hen ikkje er obligatorisk, men det er ein moglegheit. Den same endringa i Sverige har fort blitt normalisert og det peikar i den same retninga i Norge, meiner Bugge.

– No har det heller ikkje gått lang tid sidan endringa vart innført formelt. Det heiter seg at bruk av språk avlar meir bruk. Språkbruk handlar mykje om det vi er vane med. Vi ser jo også at bruken av hen kjem meir og meir i tekstane som studentane skriv, seier Myklebust.