HVL vil bli endå betre på å involvere studentar i forsking

Studentinvolvering i forsking er eit viktig satsingsområde for Høgskulen på Vestlandet. No undersøker HVL korleis vi kan bli endå betre på det.

Dei siste åra har studentinvolvering i forsking fått aukande merksemd som ein integrert del av utdanningskvalitet, både nasjonalt og internasjonalt.

Forskingsintegrert utdanning har stor verdi for studentane si faglege utvikling og kan styrke evna deira til kritisk tenking, forståinga deira for fagstoffet og motivasjonen deira for vidare utdanning.

Korleis kan høgskulen bli endå betre på å involvere studentar i forsking? I februar i år sette HVL ned ei arbeidsgruppe som skulle undersøke dette nærmare, med mandat frå prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal, og prorektor for forsking, Christine Øye.

– Studentinvolvering i forsking er ein viktig del av satsinga vår på utdanningskvalitet, og samtidig kan det fremje eit meir inkluderande og idérikt forskingsfellesskap, seier Øye.

bilde av Christine Øye

Christine Øye

Prorektor for forsking

Gruppa leverte eit notat til drøfting i Forskings- og innovasjonsutvalet ved HVL 4. juni. Klikk på denne for å lese sakspapira til møtet.

Desse var med i arbeidsgruppa:

  • Leiar Ann-Katrin Grotle, førsteamanuensis ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag
  • Elisabeth Grov Beisland, førsteamanuensis ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap
  • Roghart Heldal, professor ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag
  • Henrik Dalstø, seniorrådgivar ved avdeling for utdanningskvalitet
  • Mattis Munkvold Rovik, forskingspolitisk ansvarleg ved Studenttinget på Vestlandet
  • Michael Vesterlid, masterstudent ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag

– Studentinvolvering i forsking er avgjerande for å utnytte potensialet som ligg i både fagmiljøa og studentane våre, seier Ann-Katrin Grotle, som har leia arbeidsgruppa.

bilde av Ann-Katrin Grotle

Ann-Katrin Grotle

Leiar for arbeidsgruppa StudentFORSK

Spurde studentar og tilsette

For å ha noko å bygge på, sende dei ut spørsmål til studentar ved HVL og tilsette, hovudsakleg frå HVL men òg frå andre institusjonar. Dei spurde både om utfordringar og moglege tiltak for å gjere det lettare å involvere studentane i forsking, i tillegg til å fremje ein sterkare kultur for studentinvolvering i forsking.

Totalt 243 personar svarte på undersøkinga, 88 studentar og 155 tilsette. I tilsett-gruppa fann ein både professorar, førsteamanuensar, universitetslektorar, forskarar og andre stillingar, som førstelektor, dosent og stipendiat. 

Strukturar og insentiv

– Kartlegginga vår viser tydeleg at det finst fleire strukturelle og praktiske utfordringar. Både studentar og tilsette peikar på tidsklemma som eit hinder, seier Grotle.

I undersøkinga blei det spurt om kor viktige ulike insentiv er for tilsette som vurderer å involvere studentar i forsking. Her var det spesielt tre insentiv som utmerkte seg som spesielt viktige: ekstra forskingsmidlar, ekstra tid og tilgang til assistentar.

I tillegg blei frikjøp frå undervisning vurdert som viktig.

Den mest gjennomgåande utfordringa med å involvera studentar i forskingsprosjekt er mangel på tid. I tillegg etterlyser fleire tilsette betre organisatoriske verktøy og system for å legge til rette for studentinvolvering. Økonomisk kompensasjon for både studentar og fagtilsette er òg ei gjennomgåande bekymring for dei tilsette som blei spurde.

– Det finst eit stort forbetringspotensial for studentinvolvering i forsking ved HVL, og det kjennest viktig å kunne bidra til å påverke i rett retning, seier Grotle.

Manglande informasjon

Dei tre viktigaste insentiva for studentane var:

  • Erfaring for framtidig jobb
  • Lønn eller stipend
  • Anerkjenning (til dømes CV eller pris)

Insentiva som er knyter seg til konkret nytteverdi var viktigare for studentane enn akademisk orienterte insentiv.

Studentane som har svart i undersøkinga viser òg eit gjennomgåande ønske om å delta i forsking, men dei møter fleire barrierar. 

– Fleire studentar opplever at dei har for lite innsikt i korleis forsking fungerer og korleis dei kan bli involverte. Det manglar ofte både informasjon og synlege inngangsportar. I tillegg er manglande anerkjenning og insentiv ein gjennomgåande barriere, noko som bør adresserast dersom vi ønskjer å skape reell endring, seier Grotle.