Forskingsutvalet

FoU-utvalet er rådgivande ovanfor fakultetsleiinga, og har mynde til avgjersle i enkeltsaker.

Høgskulen på Vestlandet har ambisjonar om universitetsstatus og utvalet vil ha ein viktig rolle i høve til denne ambisjonen.

Mandat

FoU-utvalet ved FHS skal bidra til å utvikle FHS sitt forsking-, utvikling- og innovasjonsarbeid. Utvalet skal bidra til at FHS har ein heilskapleg forsking-, utvikling- og innovasjons­strategi og ei samfunnsrelevant portefølje av forskingsmiljø som har høg kvalitet og som reflekterer FHS sin faglige profil og eigenart. Utvalet skal bl.a. gjennom kontakt med Utdanningsutvalet og PhD-utvalet på fakultetet sikre god kopling mellom FoU og utdanning i bachelor, master og ph.d. 

Utvalet skal fatte avgjersle i saker som er delegert frå dekan og gi råd til fakultetsleiinga i strategiske spørsmål knytt til FoU-utviklinga. Utvalet skal være ein arena for å diskutere politiske, strategiske, faglige og etiske sider ved forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og for å vurdere erfaringar og resultat. Utvalet skal sjølv initiere utgreiingar på dei områda utvalet finn nødvendig.

FoU-utvalet skal etter delegering frå dekan:

  • Fastsette kriterier for etablering, vidareføring og endring av forskarmiljø
  • Godkjenne, følge opp og evaluere forskarmiljø
  • Sørgja for at forskingsetikklova vert følgt på fakultetsnivå, og vera i dialog med HVL sitt forskingsetiske utval

FoU-utvalet er rådgivande overfor fakultetsleiinga i saker som gjeld:

  • Prinsipp for bruk og fordeling av stipendiatressursar og postdoktorressursar som er tildelt fakultetet
  • Prinsipp for bruk og fordeling av fakultetet sine strategiske midlar, inklusiv fordeling av smådriftsmidlar, innan FoU-området
  • Utvikling av FoU‐strategi og evt. underliggande strategiar (f.eks. forskings-formidlingsstrategi) i tråd med fakultetet sin strategi
  • Utvikling og evaluering av rammevilkår for forskings‐ og utviklingsarbeid, derunder:
    • Orientering og rutinar ved tildeling av FoU‐tid
    • Kriteria for kompetansestipend
    • Rutinar for oppfølging av redelighet og forskingsetik
    • Rutinar for oppfølging av datahandtering og personvern i forsking
    • Kriteria for strategiske tiltak innan FoUI‐området
    • Årsplaner og budsjett-tiltak som omhandlar FoUI‐verksemda
    • Høyringsvar innanfor utvalets ansvarsområde
    • Fastsette kriteria og innstille kandidatar til forsking- og formidlingsprisene
    • Tiltak for å styrke den internasjonale forskingsaktiviteten ved fakultetet
    • Tiltak som kan auke den eksternfinansierte forskingsaktiviteten ved fakultetet
    • Tiltak for å utvikle forskargrupper og forskingsmiljø, særleg på tvers av institutt og campus, men og på tvers av fakultet.
    • Tiltak for å styrke ekstern samhandling med arbeids-, profesjons- og organisasjonsliv, regionalt og nasjonalt
    • Tiltak for å styrke forskingsbasert undervisning og studentdeltaking i forsking
    • Tiltak for å styrke innovasjon i både offentleg og privatsektor

Samarbeid og informasjonsflyt med andre utval:

  • Minst ein gong årleg skal FoUI-utvalet ved FHS ha fellesmøte med Utdanningsutvalet på fakultetet. Møtet arrangerast i starten av vårsemesteret.
  • Informasjonsflyt mellom PhD-utvalet og FOUI-utvalet sikrast via prodekan for forsking som er medlem i begge.
  • Utvalet orienterast jevnleg på saker frå FI-utvalet ved HVL.

Samansetning

FoU-utvalet skal ha nødvendig forskingsstrategisk og forskingspolitisk kompetanse. Samtidig skal utvalet ha eit heilskapleg blikk for fakultetet si verksemd på FoU-området, og kjennskap til overordna FoU-arbeid ved HVL.

FoU-utvalet skal ha følgjande samansetning:

  • Prodekan for forsking (leiar)
  • Prodekan for samhandling (nestleiar)
  • Tre representantar frå fakultetet sine UF‐tilsette (ein frå kvart institutt)
  • Ein representant frå sentra knytt til FHS
  • Ein representant frå midlertidige UF-tilsette i rekrutteringsstillingar (stipendiat/postdoktor)
  • Ein representant for masterstudentane
  • Ein ekstern representant

Utvalet må totalt sett:

  • representere ulike forskingsfelt
  • ha erfaring frå interne/eksterne forskingsutval/komite
  • ha erfaring med forskingsleiing
  • ivareta mangfald (junior/senior UF-tilsette, kjønn m.m.)

Medlem i FoU-utvalet skal ha personlig vara.

Sekretærfunksjonen vert ivaretatt av forskingsadministrasjonen ved fakultetet. 

Oppnemning/val av representantar

  • Dekan oppnemner ekstern representant (FoUI-utvalet er forslagsstillar)
  • Dekan oppnemner UF-tilsette (prodekan for forsking, prodekan for samhandling, senterleiar og instituttleiarane kjem med forslag)
  • Dekan oppnemner dei midlertidige UF-tilsette for to år av gangen (prodekan for forsking, prodekan for samhandling og instituttleiarane er forslagsstillarar)
  • Masterstudentane vel sine representantar for eit år av gangen

Samansetning av utvalet skal være i samsvar med reglene i Likestillingslovens § 21 om representasjon av begge kjønn i utval.

Funksjonstid

Utvalet si funksjonstid er frå 1. august 2021 til 31. juli 2025, men kan justerast som følge av vedtak i universitetsstyret som angår organisering av fakultetet. Med unntak av student-representantar og dei midlertidige UF-tilsette vert utvalsmedlemmer oppnemnt for same periode. Dersom medlemmer fell frå i perioden, skal dekan erstatta desse i samsvar med utvalet si samansetning.

Samansetning er fastsett av dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap 27. mai 2021 og revidert mandat 27. oktober 2021.

Utvalet sine medlemmer er oppnemnt for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025, med unntak av studentrepresentant og dei midlertidige UF-tilsette som berre er oppnemnt for hhv. eitt og to år.

Medlemmar

Medlem i utvalet frå august 2021 til juli 2025:

Leiar

UF-tilsette

Representant frå Senter for omsorgsforskning, vest

Stipendiatrepresentant

Eksternt medlem