Kva må framtidas programvareutviklarar kunne?

Kunstig intelligens endrar arbeidskvardagen til programvareutviklarar. No skal forskarar ved Høgskulen på Vestlandet undersøkje kva det betyr for arbeidslivet og utdanningane.

– Bruken av kunstig intelligens innan programvareutvikling er i kraftig vekst. Vi treng meir kunnskap om korleis teknologien best brukast i praksis og dei fallgruvene som fins, seier Lars Michael Kristensen.

Han er professor ved Høgskulen på Vestlandet og skal leie eit nytt forskingsprosjekt i kryssfeltet mellom programvareutvikling og generativ kunstig intelligens, finansiert av høgskulen.

Mindre koding, meir ansvar

Mykje av infrastrukturen vi er avhengige av, blir styrt av programvare. Det er avgjerande for at mellom anna betalingssystem, sjukehusutstyr og straumnett fungerer som dei skal.

Ifølgje Kristensen fører kunstig intelligens til store endringar i korleis slik programvare blir utvikla. Han påpeikar at mange av oppgåvene som tidlegare vart utført gjennom manuell koding, no er automatiserte. Dermed brukar utviklarane mindre tid på sjølve programmeringa og meir tid på å forstå kva ein skal utvikle, vurdere, teste, samt å kvalitetssikre løysingane.

Samtidig meiner han at behovet for kompetanse ikkje blir mindre.

– Du må framleis forstå programvareutvikling for å kunne bruke teknologien og for å kunne vurdere om løysingane er gode. Utviklarane kan få ei anna rolle enn før, men dei vil framleis vere heilt avgjerande, seier han. 

Ut i arbeidslivet for å finne svar

For å finne svar, skal forskarane samarbeide med IT-bedrifter og andre verksemder som brukar kunstig intelligens i utvikling av programvare. Gjennom intervju, spørjeundersøkingar, casestudiar og eksperiment skal dei følgje utviklinga over tid.

Målet er å få betre svar på kva som faktisk skjer når utviklarar tek i bruk desse verktøya. Korleis endrar det måten dei jobbar på? Blir kvaliteten betre? Kva oppgåver blir viktigare enn før?

Det er enno ikkje avgjort kva verksemder som skal delta i prosjektet. Forskargruppa har tidlegare samarbeida med mellom andre Bouvet, Odfjell Technology, Helse Vest IKT, og Ericsson.

Kristensen meiner prosjektet kan gi viktig kunnskap om kva kompetanse framtidas utviklarar treng.

– Det er mange påstandar om at generativ kunstig intelligens vil erstatte programvareutviklarar eller føre til dramatisk auka produktivitet. Bevisa for dette er ikkje eintydige. Det vi veit, er at teknologien endrar kva ein må kunne og kva ein må vite.

Skal forme framtidas utdanningar

Kunnskapen frå prosjektet skal også brukast i utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet. Generativ kunstig intelligens er allereie ein del av undervisninga, men målet er å vidareutvikle dette.

– Vi kjem til å involvere bachelor-, master- og ph.d.-studentar undervegs. Dei skal få høve til å arbeide med dei same problemstillingane som forskarane og næringslivet jobbar med, seier professoren.

Korleis kan vi stole på teknologien?

Ein viktig del av prosjektet handlar om tillit. Utviklinga dei siste åra viser at kunstig intelligens kan produsere feil kode eller gi ulike svar på same spørsmål. Dette er eit problem som vi må ta på alvor, meiner Kristensen.

Så sjølv om kunstig intelligens kan gi store framsteg, ser HVL-forskarane behovet for ei kritisk tilnærming til bruken. Difor vil dei også utvikle metodar og verktøy som kan oppdage, førebyggje og handtere feil i programvare som er laga med hjelp av kunstig intelligens.

– Det pågår for tida mykje arbeid nasjonalt og internasjonalt knytt til korleis KI-teknologi blir brukt innan programvareutvikling og kva konsekvensar det vil få for profesjonsutdanningene. Vårt mål er at vår forsking blir ein liten, men viktig brikke i det store bildet. Forhåpentlegvis vil dette prosjektet på sikt også gi grobotn for nye forskingssøknader, seier Kristensen.

Fakta om Terse

  • Lars Michael Kristensen leier eit av dei fire miljøa ved Høgskulen på Vestlandet som har fått midlar i tildelinga framifrå forsking. I tillegg er det også to miljø som har fått tildeling for radikalt tverrfagleg forsking.
  • Forskargruppa Programvareutvikling - Software Engineering står allereie bak ei rekkje forskingsresultat innan programvareutvikling, og har særleg markert seg innan modellbasert utvikling, programvaretesting og tryggleik.  
  • Tildelingane er på seks millionar kroner kvar, fordelt på tre år. Prosjektet har fått namnet Towards an Excellent Research Environment in Trustworthy GenAI-assisted Software Engineering (Terse).
  • Les meir om alle tildelingane på denne nettsida: Framifrå og radikalt tverrfagleg forsking