
To HVL-bedrifter til NM i studentbedrifter: – Veldig lærerikt!
11. juni samlast 21 studentbedrifter frå heile landet i Oslo for NM Studentbedrift 2025. Blant desse er to HVL-bedrifter: FABB SB og Vest BoardGames SB.
– Vi har laga ei nettside for kontortilsette, som gir råd innanfor eit heilskapleg helseperspektiv, både når det gjeld fysisk aktivitet, ernæring og psykisk helse, seier Ane Heggland Broen.
– Det har vore veldig lærerikt å jobbe med dette prosjektet! legg Synna Lien til.
Dei er nettopp ferdige med ein bachelorgrad i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet, og saman med medstudentane Ingrid Angård og Matias Østbø står dei bak studentbedrifta FABB SB, som i juni skal til hovudstaden for å kappast med andre studentdrivne verksemder frå heile landet.
Det er Ungt Entreprenørskap som arrangerer noregsmeisterskapen for studentbedrifter.
FABB står for Friskere Ansatte, Bedre Bedrift. Dei engasjerte studentane håper at dei kan bidra til betre og meir produktive arbeidsdagar for FABB-kundane.
– Bedrifter kjøper tilgang til nettsida, slik at alle tilsette får logge inn. På sikt ønsker vi å bidra til at sjukefråværstala søkk, seier Lien.
God rettleiing
Bedrifta begynte som eit skuleprosjekt, då gjengen tok eit eige emne om studentbedrifter.
– Vi fekk god rettleiing i korleis vi kunne etablere ei eiga bedrift, og så fekk vi smaken på det, seier Mathias.
Gjennom prosessen har dei fått gode råd frå HVL Skape, høgskulen sitt tilbod for studenentreprenørskap og innovasjon. Studentane har gjennomført både marknadsanalysar og behovsanalysar, og bedrifter har fått testa nettsida deira.
– Det fekk vi veldig god respons på. Fleirtalet sa at dei ville brukt nettsida om dei hadde abonnement, seier Ane.
Klare for NM
11. juni fer FABB til Oslo for å pitsja, presentera og konkurrera med andre studentbedrifter. Det ser dei fram til.
– Det er veldig kult at vi får vere med! seier Ane.
– Vi har trua på både kunnskapen og bedrifta vår, legg Synna til.
– Og uansett er det veldig verdifull erfaring, smiler Mathias.
Det er lagt opp til eit innhaldsrikt program frå morgon til kveld, og gjengen er spent på om bedrifta deira slår like godt an i aust som i vest.
– Har dokker nokon råd til studentar som vil starte eiga bedrift?
– Berre gjer det, seier Synna.
– Ein lærer veldig mykje undervegs, så ein treng ikkje vite alt med éin gong, seier Ane.
– Eg trur ingen av oss hadde tenkt å starte bedrift. Eg tenkte at det var noko eg i alle fall ikkje ville, men det har snudd, seier Ingrid.
– Det er berre til å hoppe i det! legg ho til.
Simen Venemyr og Tommy Stigen står bak studentbedrifta Vest BoardGames SB. Foto: privat.
Brettspel til folket!
Også Simen Venemyr og Tommy Stigen skal til Oslo i juni. Til dagleg studerer dei to økonomi og administrasjon ved HVL sin campus i Sogndal. Saman har dei starta opp bedrifta Vest BoardGames SB, som produserer brettspel.
– Det starta med at vi ville lage eit drikkespel. Vi hadde det gøy med det på fest, og fekk gode tilbakemeldingar, seier Simen.
Derifrå var vegen kort til å kontakta HVL Skape for å undersøke dei kommersielle moglegheitene. Dei tipsa studentane om Global Game Jam, eit spelutviklingsarrangement som blir arrangert over heile verda, deriblant campus Førde.
– Der laga vi spelet SOAP, som var vårt spel nummer to, fortel Tommy.
– Vi vann prisen for årets brettspel, legg han til.
Brettspelet SOAP. Foto: privat.
Utvikla konseptet
Spelet SOAP er eit lettbeint rollespel, der ein skal spele ut ulike handlingsforløp. Ein trekk kort innanfor kategoriane stad, objekt, aktivitet og personlegdom, derav forkortinga SOAP.
I året etter at dei laga spelet har dei vidareutvikla og bygd studentbedrifta rundt det. Dei tok emnet EN312: Innovasjon, studentbedrift og berekraft, under emneansvarleg Eivind Standal Husabø, som arbeider både ved HVL og i Ungt Entreprenørskap.
– Gjennom emnet får studentane i fellesskap, og på tvers av campusar og fakultet, moglegheita til å utvikle eigne forretningsidéar. Dei får også innføring i forretningsverksemd, økonomi, berekraft og marknadsføring, parallelt med at dei utviklar eigne studentbedrifter, seier Eivind.
– Dette er eit emne som passar for alle studentar som ønsker å lære meir om innovasjon og entreprenørskap. Innovatørar trengst overalt!
– Sidan Game Jam har vi jobba med spelet og prøvd å få reglane til å vere klarast mogleg. Vi har gitt ut spelet til folk og fått tilbakemeldingar, seier Tommy.
– I starten laga vi litt avanserte reglar og tenkte for stort. Vi har gått nokre rundar og gjort små og store justeringar, seier Tommy.
I tillegg til å utvikle sjølve reglane, har dei vore nøydde til å lære seg både nettsidedesign, speldesign og importreglar. Dei har òg bygd nettverk med næringslivet.
– Det har vore utruleg lærerikt. Du får kjensla av at du driv ei bedrift og at det du lærer på skulen fungerer, seier Simen.
– Ei bekrefting
I juni er det duka for både pitsjing og konkurranse, og karane frå campus Sogndal gleder seg stort.
– Korleis kjennest det å vere blant dei utvalde som skal til NM?
– Det er ei utruleg god kjensle. Ein føler at ein ser resultatet av arbeidet. Det er ei av mange bekreftingar på at det vi gjer er skikkeleg, seier Simen.
Han har eit tydeleg råd til studentar som vurderer å starte opp bedrift:
– Ein må berre gå for det. Sats på det du er god på og det du liker, seier han.