Asynkron nettundervisning

Omgrepet asynkron nettundervisning kan omfatte alt frå små videosnuttar til massive opne online-kurs (MOOC). På denne nettsida skal vi derimot avgrense tematikken til det vi kallar ressursforelesingar.

Fleire av Høgskulen på Vestlandet sine nettbaserte kurs vekslar mellom nettsamlingar og ressursforelesingar. Ei ressursforelesing er ei undervisningsøkt som kan bestå av ulike videosnuttar, lydopptak/podcast, tekstar, individuelle oppgåver, quizar og diskusjonsforum. Ei slik forelesing kan du lage ferdig lang tid før den skal publiserast. Denne undervisningsforma er difor nesten like fleksibel for deg som underviser, som for studentane. Vi publiserer ressursforelesinga på læringsplattformen Canvas.

Variasjon

Som i all anna undervisning er det også gunstig med variasjon i ressursforelesinga. Prøv difor å veksle mellom ulike presentasjonsformer og aktivitetar. Dersom du har mykje fagstoff som du ønsker å presentere i video-format, kan det vere lurt å lage fleire korte videosnuttar i staden for ein lang. Legg gjerne inn enkle aktivitetar mellom videosnuttane.

Gjennomføring

Studentane kan sjølv velje kvar og kva tid dei skal gjennomføre ressursforelesinga. Det er likevel vanleg å kreve/forvente at studentane skal gjennomføre den innan neste nettsamling. Prøv å lage ressursforelesinga slik at forventa arbeidsmengde er omtrent lik varigheita av ei nettsamling.

Verktøy og gode råd

Det fins mange gode program som du kan bruke når du skal lage videoar, lydfiler og oppgåver til dine ressursforelesingar.