For eksterne brukarar og alumni

Biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet er ope for alle, anten du er tidlegare student (alumni), tidlegare tilsett, du studerer ved ein annan institusjon eller du berre ønsker å bruke tilboda våre.

Lån

Alle kan få lånekort ved eitt av campusbiblioteka våre. Kom innom oss og ta med legitimasjon, så lagar vi ein lånekonto for deg. Også tidlegare tilsette og studentar («alumni») må opprette ny konto.   

Når du har fått lånekonto og lånekort, kan du låne bøker som står på hyllene våre. Du kan også bestille bøker frå andre campusbibliotek og fjernlån. Les meir på nettsida vår Låne og bestille, her finn du også lånereglane våre.

For å sjå kva vi har i samlingane våre, brukar du den nasjonale, opne søketenesta Oria. Har du lånekonto, kan du også logge deg på for å få oversikt over kva du har lånt og bestilt, og du kan fornye lån.

Arbeidsplassar

Alle campusbiblioteka våre har arbeidsplassar som også eksterne brukarar har tilgang til. Her finst det gjestenettverk du kan logge deg på.

Eksterne brukarar har berre tilgang til biblioteklokala innanfor campusane sine opningstider.

Tilgang til elektroniske databasar og artiklar

Opne ressursar (Open Access)

Oria vil normalt opplyse om ein publikasjon eller digital ressurs er Open Access eller ikkje. I Oria kan du avgrense søket ditt til Open Access-publikasjonar. For å finne ope tilgjengelege versjonar av forskingspublikasjonar kan du også bruke Google Scholar, ein nyttig søkemotor for forsking som lenker direkte til opne publikasjonar der slike finst. 

I Nasjonalt vitenarkiv (NVA) finn du publikasjonar av våre tilsette, først og fremst tidsskriftartiklar, og studentoppgåver, særleg bachelor- og masteroppgåver. NVA blir brukt av alle norske akademiske institusjonar, og alt innhaldet her er ope tilgjengeleg.

Databasar som er ope tilgjengelege (frå eiga datamaskin), er dei som er utan hengelås på fagressurs-sida vår. Merk at enkelte av ressursane berre gjev deg avgrensa tilgang til innhaldet. 

Lukka ressursar (abonnementsbaserte)

Er du på campus, har du tilgang til abonnementsbaserte tidsskrift, e-bøker og databasar via bibliotekets eigne datamaskiner (du har ikkje tilgang via gjestenettverket). Skrankepersonalet kan også hjelpe deg med tilgang til enkelttitlar. Prinsippet vårt for tilgang for eksterne brukarar er såkalla walk-in use/access: Du må vere på campus for å bruke ressursane våre. 

Aviser

Alle campusbibliotek abonnerer på eit utval papiraviser, som du er velkommen til å lese i. Vi oppbevarer avisene i 1–2 veker.

Nyttige nettsider og verktøy

For deg som studerer eller forskar, tipsar vi om dei opne nettressursane Søk og skriv og PhD on Track. Her finn du mykje nyttig informasjon og gode råd. 

Zotero er eit gratis referanseverktøy som hjelper deg med å samle og organisere referansane dine og med å lage korrekte siteringar og kjeldeliste i tekstane dine. Zotero kan brukast saman med Word, LibreOffice og Google Docs.

Arrangement

Alle campusbiblioteka våre tilbyr med jamne mellomrom faglege føredrag, boklanseringar og andre arrangement. Desse er opne for alle, og blir kunngjort på kalenderen vår.


Alumni

Har du studert ved Høgskulen på Vestlandet eller ein av utdanningsinstitusjonane som har blitt til HVL?

Les meir om kva høgskulen har å tilby deg