Kurs i skriverettleiing

Skrivesenteret HVL Bergen tilbyr kurs i skriverettleiing for studentar på tredje år eller master.

Skriverettleier i 2018

Gjennom kurset vil de tileigne dykk god innsikt i tema som:

  • Korleis hjelpe studentar til ein god skriveprosess?
  • Korleis rettleie studentar til å kome i gang med oppgåveskriving?
  • Korleis rettleie studentar til å gjere gode informasjonssøk?
  • Korleis hjelpe studentar til å få orden på struktur, avsnitt og ein raud tråd i teksten?
  • Korleis rettleie på ulike stadier i skrivinga?
  • Korleis rettleie ulike studenttypar?

Etter fullført kurs vil deltakarane få eit kursbevis som kan styrke framtidige søknader om jobb som krev pedagogisk kompetanse og erfaring. Deltakarane som fullfører kurset kan søke stilling som lønna skriverettleiar på Skrivesenterets stikk innom-teneste Skrivehalvtimen

Nye kurs blir annonsert. Kontaktperson: Solveig Kavli.