Keila Lima 27.8.25

Keila Mascarenhas de Oliveira Lima disputerer 27. august for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga "IoT Data Integration and Quality in Marine Contexts".

Avhandlinga i HVL Open

Det finst millionar av sensoreiningar i verda, brukt i applikasjonar for alt frå helsehjelp til industrielle føremål. Før var desse sensorane tilkopla lokalt og til internett. Saman med programvaren dei opererer med og dataa dei genererer, utgjer desse sensoreiningane tingas internett (the Internet of Things, eller IoT).

Denne avhandlinga legg vekt på undervasstingas internett (the Internet of Underwater Things, eller IoUT). Dette er eit område av tingas internett der sensoreiningane er utplasserte til havs, for å samle inn data som er viktige for drifta innanfor ulike marine sektorar.

Kvalitetsbevisst arkitektur

Å bygge programvareløysingar for marine sektorar krev at ein vurderer to svært viktige aspekt: 

  1. Den kostbare bruken av å setje inn og vedlikehalde systema, og
  2. Den uføreseielege og avgrensa rekkevidda til undersjøisk trådlaus kommunikasjon.

Denne avhandlinga undersøker programarebygging for system som fell under kategorien undervasstingas internett (IoUT), med særskilt vektlegging av programvare og datakvalitetsbevisst programvarearkitektur. 

Data og datainnsamling er  hovudgrunnen for å implementera IoT-system (tingas-internett-system). Derfor er datakvalitet ein sentral del av programvareutviklingsprosessen i dette forskingsarbeidet. Datakvalitet burde aktivt prioriterast gjennom heile prosessen, ikkje berre når vi avdekker feil.

Viktig å avdekke datafeil

Dette arbeidet kombinerer tekniske og organisatoriske sider av å utvikle og operere IoT-datastraumar. Desse datastraumane blir fôra inn i analyseapplikasjonar, der avgjerder blir gjorde. Dette krev eit prestasjonsnivå som møter aksjonærane sine behov gjennom heile prosessen. Operasjonsnivået som krevst av programvaresystema uttrykker vi gjennom kvalitetsattributtar.

Til dømes er det i mange marine sektorar viktig å ha raske sensordatastraumar, men raske datastraumar vil uansett vere ineffektive så lenge dataleveringssystemet ikkje kan avdekke feil i sensormålingar. Derfor er det heilt kritisk å balansere kvalitetsattributtane til programvaresystema, som til dømes responstid og datanøyaktigheit og -presisjon, når vi bygger IoT-system.

Testa i Austevoll

Denne avhandlinga føreslår ein dataflytorientert programvarearkitektur for IoUT-datastraumar sin integrering i marine kontekstar, som skaper løysingar for å administrere programvare og datakvalitetsattributtar i konseptualiseringa og opereringa av programvare.

Hovudresultata frå denne avhandlinga har blitt stadfesta og vurdert gjennom å integrere sanntidsdata frå system frå ulike sensoreiningar brukt i ein testfasilitet i Austevoll.

Personalia

Keila Mascarenhas de Oliveira Lima (f. 1994) har ein mastergrad som nettverk- og informasjonssystemingeniør frå universitetet i Porto, Portugal. Sidan 2017 har ho i ulike prosjekt bidratt til programvareløysingar og eksperimentering i feltet sitt. Doktoravhandlinga hennar er tilknytt senteret SFI Smart Ocean.

Prøveførelesing 

Tid: onsdag 27. august klokka 10.15
Stad: HVL, campus Bergen, K2, rom M005.
Tema for prøveførelesinga: Implementing Quality-of-Service.

Disputas

Tid: onsdag 27. august klokka 13.15
Stad: Stad: HVL, campus Bergen, K2, rom M005.

Disputasleiar

Prodekan for forsking, Stig Erik Jakobsen.

Lenke til strøyming (Zoom).
Møte-ID: 616 8285 7276
Passkode: 061051

Rettleiarar

Vurderingskomité

  •  Førsteamanuensis Romina Spalazzese, Malmö Universitet, Sverige (førsteopponent)
  • Professor Davide Taibi, Uleåborgs universitet, Finland (andreopponent)
  • Professor Volker Stoltz, HVL (komitéleiar)