Synnøve Kvile disputerer
Synnøve Kvile disputerer 10. september 2026 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga Troubling scales: a feminist posthumanist inquiry of child-music relations in everyday life.
Kan månen lage lyd? Kva høyrer du når svarttrasta syng? Er eit barn si nynning i klasserommet musikk? Slike spørsmål blir sette i samanheng med gjengse forståingar av barn og musikk når denne feministiske, posthumanistiske doktoravhandlinga studerer barn-musikk relasjonar i kvardagslivet, både i og utanfor skuletid.
Eksistensielle spørsmål om barn og musikk: kven og kva får vere med?
Denne doktoravhandlinga i musikkpedagogikk behandlar eksistensielle spørsmål om barn og musikk. Studien byggjer på klasseromsobservasjonar av eit 4.trinn og intervju med barn. Avhandlinga inkluderer fire fagfellevurderte artiklar publiserte i internasjonale tidsskrift som m.a. undersøkjer klasserommet sitt normative lydlandskap og musikk i barns kvardagsliv.
Barn- og elevfokuset er gjennomgåande i avhandlinga, og barn blir haldne fram som kompetente, relevante og interessante medskaparar av forsking. Studien finn at barn og musikk sin eksistens ikkje berre er samanveva med diskursar, men også med materialitetar. Denne erkjenninga pregar også formidlingsstilen i avhandlinga, som nyttar både forteljingar, visuelle kunstverk, poesi, lyd- og videoklipp. Med dette utfordrast den språklege dominansen i akademia, samtidig som lesarane blir tilbydde fleire modalitetar å erfare forskinga gjennom.
Eit bidrag til performative og postkvalitative forskingsformer
Doktoravhandlinga er utført i eit postkvalitativt og performativt forskingsparadigme. Her forstår ein forsking som skaping, ikkje som representasjon. Forskinga lyttar til det tause, kroppslege, affektive og meir-enn-menneskelege og framhevar desse som sentrale og viktige måtar å vere i og av verda på. Det granskast så korleis binære skilje mellom t.d. vaksen/barn, kultur/natur, menneske/ikkje-menneske er med på å oppretthalde dominerande og undertrykkande praksisar. For å endre slike praksisar blir det oppmodna til å rette merksemd og interesse mot relasjonar framfor å studere det enkelte individet.
Avhandlinga søkjer å romme verda sin kompleksitet og oppmodar til å møte fleire sider av verda med kjærleik og undring. Spørsmålet om kven og kva vi lyttar til kling med gjennom heile studien. Håpet er at avhandlinga kan bidra til å utvide kven og kva det musikkpedagogiske fagfeltet kan romme.
Personalia
Synnøve Kvile (f.1984) er utdanna musikkpedagog med master i musikkpedagogikk. Ho er tilsett ved institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, og har vore kandidat ved ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Prøveforelesning
10. september kl. 09.00, Und 103, campus Stord, HVL
Tema for prøveforelesning: kommer
Disputas
10. september kl. 10.30, Und 103, campus Stord, HVL
Bedømmelseskomisjon
- Professor Peter Kraftl, Loughborough University
- Førsteamanuensis Carolyn Cooke, Open University
- Førsteamanuensis Alicja Sadownik, Høgskulen på Vestlandet
Rettleiarar
- Professor Kari Holdhus, Høgskulen på Vestlandet
- Professor Karin Murris, Oulu University og University of Cape Town