Kva skal til for at lokal klimatilpasning lukkast?

Torbjørn Selseng disputerer for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga «Acknowledging Interiority in Local Government Climate Change Adaptation: From Monologic to Dialogic Governance».

Sidan inntoget av klimatilpassing som fagfelt, har lokal forvalting over heile verda følgt ein modell kalla «mainstreaming», der kvar sektor tek sin del av jobben for å sikre samfunnet mot konsekvensane av klimaendringane. Denne måten å jobbe på, å integrere klimaomsyna i eksisterande prosessar og planar, er meint å gi store fordelar samanlikna med alternativet – å opprette eigne klimatilpassingsavdelingar i kommunane og la dei ta seg av alt. Mainstreaming skal skape synergiar, handtere målkonfliktar, betre ressursbruken, stimulere til innovasjon og styrke grunngjeving for å handle. 

Etter to tiår med mainstreaming i lokal forvalting, er dommen klar: det finst få bevis for at denne måten å organisere klimatilpassing på har ført til styrka innsats i det heile. I staden finn forskinga at mainstreaming er med på å utvatne klimatilpassinga og å reprodusere risikoar og utilstrekkelege praksisar. Avhandlinga forsøker å svare på kvifor det har blitt sånn.

Korleis vi snakkar saman gir viktige svar

Svaret ligg mellom anna hjå den russiske språkfilosofen Mikhail Bakhtin og dialogomgrepet som han utvikla på 1920-talet. Bakhtin skil grovt sett mellom to måtar å snakke saman på, dialogen og monologen. Dialog er ein definerande karakteristikk ved det menneskelege. Eit individ i dialog, ifølgje Bakhtin, utrykkjer si «sjel, ånd, med heile sin kropp og sine gjerningar». Når me kommuniserer, mettar me språket med meiningar og kontekst. Språket vårt er aldri nøytralt. Dette er måten me snakkar på, men dette er òg grunnen til at me snakkar: me snakkar for tilknyting, for å vise verdssynet vårt, etikken og medvitet, og for å bli sett og forstått. Monolog er det motsette. Det er einetalen som undertrykker «sjølvet» til andre, og gir dei du snakkar med ei kjensle av å ikkje eksistere. 

Diagnosen blir dermed at mainstreaming har plassert fokuset på heilt feil stad. Modellen seier at klimatilpassing skal integrerast over alt, utan å seie noko om korleis. Denne manglande problematiseringa av korleis ulik kunnskap kan brukast, og korleis den skal møte andre typar kunnskap, fører til at dei ulike sektorane endar opp med å kjempe om definisjonsmakta og ressursane, i staden for å løyse problema i lag. Ifølgje Selseng skuldast dette eit grunnsyn der det finst éin korrekt type kunnskap og éi forståing som kan integrerast over alt. Det er den monologiske tilnærminga, og det er den som ikkje fungerer.

Har utvikla eit rammeverk for ei dialogisk tilnærming

Klimatilpassing, til liks med det meste i verda, blir forstått ulikt blant ulike folk, kulturar og disiplinar. Det skiftar form og innhald etter ulike truslar, sårbarheiter og eksponeringar, og etter institusjonell, sosioøkonomisk og kulturell kontekst.

Den einaste måten mainstreaming kan lukkast på, og i forlenginga klimatilpassinga av samfunnet, er gjennom ei dialogisk tilnærming, ei djup anerkjenning av mangfaldet av forståingar. I avhandlinga utviklar Selseng praktiske rammeverk som kan nyttast til å gjennomføre dette skiftet. Rammeverka utvidar merksemda frå eit fåfengt isolert søk etter dei mest korrekte løysingane, det objektivt «sanne», til det som er subjektivt «vakkert» og normativt «godt».

Personalia

Torbjørn Selseng (f. 1990) har jobba som forskar på Vestlandsforsking, på forskingssenteret Noradapt, sidan 2019. Han har vore kandidat på ph.d.-programmet Responsible Innovation and Regional Development (RESINNREG).

Prøveførelesing

Prøveførelesningen finn stad 3. november 2026 kl. 10.15 i HØG1093/Josten, campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet

Tema:
«What is emancipatory research for transformative climate adaptation?»

Disputas

Disputasen finn stad 3. november 2026 kl. 12.15 i HØG1093/Josten, campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet

Tittel på avhandling:
«Acknowledging Interiority in Local Government Climate Change Adaptation: From Monologic to Dialogic Governance».

Strøyming

https://hvl.zoom.us/j/64014629906?pwd=gNpLPfoyFHejCrHOYPRy69RiLyBSOL.1
Passcode: 072867

Vurderingskomité

Kommitéleiar:
Førsteamanuensis Marte Lange Vik, HVL

Opponentar: 
Associate Professor Saurab Arora, University of Sussex
Research Professor Scott Bremer, UiB

Rettleiarar

Hovudrettleiar:
Førsteamanuensis Bente Johnsen Rygg, HVL

Medrettleiar:
Leiande seniorforskar Halvor Dannevig, Vestlandsforsking
Leiande seniorforskar og professor Carlo Aall, Vestlandsforskning

Disputasleiar 

Roger Henning Normann