Enkeltemneopptak: Helse, funksjon og deltaking

Emne som høyrer til ph.d.-programmet Helse, funksjon og deltaking er først og fremst for dei som er tatt opp på ph.d.-programmet, men andre er også velkomen til å søke.

Før du sender søknad, sjå kva du må legge ved av dokumentasjon. Dersom du ikkje legg ved dokumentasjonen vi treng, kan vi ikkje handsame søknaden din. Dette gjeld òg om du har søkt opptak til HVL tidlegare.

Søk studieplass

Undervisningsspråk

Undervisninga kan vere på engelsk dersom nokon av deltakarane har behov for det.

Søknadsfrist

Sjå påmeldingsfristar for dei ulike emna

Opptakskrav

Du må oppfylle desse opptakskrava for å kunne ta enkeltemne:

  • fullført masterutdanning med 120 studiepoeng, med eller utan profesjonsutdanning
  • masterutdanninga di må vere frå eit relevant studium, normalt med karakteren A eller B

Dersom det er fleire søkarar enn plassar

Dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar, prioriterer vi søkarane i denne rekkefølga:

  1. Ph.d.-kandidatar i ph.d.-programmet i Helse, funksjon og deltaking
  2. Ph.d.-kandidatar tatt opp ved andre ph.d.-program ved HVL
  3. Ph.d.-kandidatar som er medlemmer i forskarskulen Muni-Health-Care
  4. Ph.d.-kandidatar ved andre ph.d.-program, nasjonalt eller internasjonalt 
  5. HVL-tilsette som skal bli kvalifisert til førstestilling 
  6. HVL-tilsette med relevant mastergrad
  7. Eksterne søkarar med relevant mastergrad 

Dette må du legge ved søknaden din

Når du søker om opptak til enkeltemne, må du legge ved dokumentasjon. Det er din situasjon når du søkjer som bestemmer kva du må legge ved. 

  • Ph.d.-kandidat i ph.d.-programmet i Helse, funksjon og deltaking
    • Krev ingen vedlegg
  • Stipendiat ved andre ph.d.-program ved HVL eller anna institusjon
    • Opptaksbevis
    • Eit kort samandrag på inntil 250 ord som fortel kvifor du ønsker å ta det aktuelle emnet
  • Stipendiat og medlem i forskarskulen Muni-Health-Care
    • Bevis på medlemskap
    • Eit kort samandrag på inntil 250 ord som fortel kvifor du ønsker å ta det aktuelle emnet
  • Vitskapeleg tilsett ved HVL og skal bli kvalifisert til førstelektor
    • Eit kort samandrag på inntil 250 ord som fortel kvifor du ønsker å ta det aktuelle emnet
    • Relevant dokumentasjon på kvalifiseringsstipend
    • Vitnemål
  • HVL-tilsett med relvant mastergrad
    • Eit kort samandrag på inntil 250 ord som fortel kvifor du ønsker å ta det aktuelle emnet
    • Dokumentasjon på tilsetjing ved HVL
    • Vitnemål
  • Eksterne søkarar med relevant mastergrad
    • Eit kort samandrag på inntil 250 ord som fortel kvifor du ønsker å ta det aktuelle emnet
    • Vitnemål

Dersom du ikkje legg ved dokumentasjonen vi treng, kan vi ikkje handsame søknaden din. Dette gjeld òg om du har søkt opptak til HVL tidlegare. 

Svar på søknad

Du vil få svar på søknaden din så snart den er handsama av oss etter påmeldingsfristen for emnet.

Sjå påmeldingsfristar for dei ulike emna

 

Når du har fått tilbod om plass

Du må først takke ja til tilbod om plass i emnet. Når svarfristen går ut, vil du få beskjed frå oss. Da fullfører du påmeldinga ved å melde deg på både undervisning og vurdering, og du får tilgang til emnet i Canvas.