Informasjonsteknologi

Bachelor

Bachelor i informasjonsteknologi gir deg ei grunnleggande og brei utdanning i IT-faget. Du vil få god og praktisk kunnskap i utvikling, tilpassing og integrering av moderne programvare. Tar du ei IT-utdanning kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida!

Kvifor studere informasjonsteknologi?

Datasystem blir brukt innan dei fleste områda i samfunnet, som for eksempel helse og omsorg, media, handel og energiforsyning.

Med ein bachelor i informasjonsteknologi vil du stå sterkt rusta for ein interessant jobb innan ein arbeidsmarknad som etterspør stadig meir IT-kompetanse. Du finn jobbane både i privat og offentleg sektor.