Er tilliten trua?

Campus Bergen, biblioteket, Hop stasjon
Time icon
Når:21. september   13:00
Varer til: 14:00
Legg til i min kalender

Akademisk fridom er grunnmuren i all kunnskapsutvikling. Utan høve til å stille kritiske spørsmål stoppar forskinga opp. Vi lever i ei verd der dei største utfordringane – klima, teknologi, helse og demokrati – ikkje kan løysast innanfor landegrensene. Difor er vi avhengige av internasjonalt samarbeid, også med land der akademisk fridom er under press.

Kva betyr dette for oss? Korleis kan statleg kontroll over akademia – gjennom sensur, styring eller indirekte press – påverke forskinga? Endrar den geopolitiske situasjonen måten vi driv internasjonalt samarbeid på

Under Forskningsdagane inviterer vi kjende akademikarar til å dele sine perspektiv og erfaringar på problemstillinga i eit ope arrangment på biblioteket ved campus Bergen. 

Du møter mellom anna USA-ekspert og HVL-professor Hilmar Mjelde og direktør for Bjerknessenteret Kikki Kleiven. Innleiar og programleiar er prorektor for forsking ved HVL Christine Øye. 

Det blir servert kaffi og litt å bite i. Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte. Inga påmelding.