Tilgang til digitale ressursar

Korleis du får tilgang til biblioteket sine elektroniske ressursar.

Pålogging til bibliotekressursarBiblioteket abonnerer på ei rekke digitale ressursar. Dei som er markert med hengelås, treng pålogging for tilgang. Følgjer du ei lenke frå fagressursoversikta eller frå Oria, vil du automatisk bli bedt om å logge på når det trengst.

Få tilgang

Studentar og tilsette ved HVL

Studentar og tilsette ved HVL får tilgang med sitt HVL-brukarnamn (utan "@hvl.no") og passord. Etter at du har logga på, blir du sendt vidare til ressursen/artikkelen, og får samstundes tilgang til alle andre ressursar biblioteket abonnerer på.

Tilgang for eksterne (gjesteforelesar, samarbeidspartnar, m.fl.)

Om du ikkje er student eller tilsett ved HVL, kan du likevel få tilgang til dei fleste av bibliotekets sine e-bøker, digitale artiklar og andre e-ressursar gjennom såkalla walk in access. Bruk biblioteket sine datamaskiner eller gjestenettet. For å bruke eiga datamaskin, kontakt skranken for å få oppretta ein gjestebrukar.

Tilgangen gjeld kun når du er i eitt av våre fysiske campus-bibliotek

Feilmeldingar

Får beskjed om «Feil brukarnamn og/eller passord»?

Byt passord og prøv om du får tilgang. NB! Dette gjeld sjølv om passordet ditt fungerer på Canvas.

Student

Byt passord på denne sida hos IT. 
Har du mista pinkoden? På Studentweb kan du lage ei ny

Tilsett

Enklast er å gjere det via jobbmaskina di. Trykk Ctrl+Alt+Del og vel "Endre passord". Har du ikkje jobbmaskin tilgjengeleg, kontakt IT-hjelp.

Feilmelding frå heimekontor?

Tilsette på heimekontor kan få opp meldinga "Denne siden kan ikke nås", "Dette nettstedet er ikke tilgjengelig" eller liknande, når dei følgjer ei lenke til våre ressursar. Det løyser du slik:
 
Gå inn på Innstillingar på PC-en, vel Nettverk og Internett. Vel deretter DirectAccess og koble frå HVL:

directaccess.jpg

Ta deretter ein omstart. Då skal tilkobling til ressursar heimefrå fungere igjen.

Tilgang via appar og andre verktøy

Det finst tilleggsappar som gjer tilgangen til e-ressursar meir effektiv.

LibKey Nomad

Tillegg som gjev deg HVL-pålogging direkte frå artikkelen. Praktisk dersom du har kome til ein artikkel når du ikkje er pålogga.

Last ned
Utviklaren si nettside

Unpaywall

Tillegg som sjekkar om artikkelen du er inne på, finst som Open Access-publikasjon. Praktisk dersom HVL ikkje har tilgang til artikkelen gjennom abonnementa sine. 

Last ned
Utviklaren si nettside

Få hjelp

Søk: For hjelp til søking i basane, kontakt biblioteket.
Digital tilgang: Kontakt biblioteket på galanga@hvl.no, for å få hjelp med å logge på eller å få tilgang.