
Nybrottsarbeid gir innsikt i nye karrierevegar
I forskarskulen NORBARN får ph.d.- kandidater følgje fagpersonar i barnehagesektoren på jobb. Målet er å vise korleis forskingskompetansen kan nyttast i arbeidslivet.
Thilde Kleppe Vårnes er stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet. Som ein del av sitt doktorgradsløp fekk ho høve til å ta del i ei ny form for praksis. Den har namnet skuggepraksis og inneberer at ein følgjer ein fagperson tett over ei avgrensa periode.
Vårnes hadde skuggepraksis hos Britt Toppe Haugsbø, ein av leiarane i Etat for barnehage i Bergen kommune.
Verdifulle erfaringar frå Etat for barnehage
– Skuggepraksisen ga meg ei moglegheit til å sjå korleis mine ph.d.-kvalifikasjonar, som evna til å analysere kompleks informasjon og navigere i samansette system, er direkte relevante og verdifulle utanfor akademia, fortel ho.
Vårnes sitt prosjekt handlar om fysisk aktivitet i barnehagen. Ho fortel at ho hadde stor nytte av å lære meir om korleis kommunen jobbar. Det fekk ho mellom anna delta på møte mellom tilsette i etaten og leiarar i barnehagane.
– Eg har fått ei klarare forståing av korleis Etat for barnehage jobbar med kompetanseheving i barnehagane, og korleis mi kompetanse kan bidra til å løyse reelle utfordringar i ein kommunal verksemd, seier ho.

Elin Eriksen Ødegaard
Tettare på barnehagepolitikken
Elin Eriksen Ødegaard er leiar for BARNkunne, senter for barnehageforsking ved HVL og forskerskolen NORBARN.
– Skuggepraksis er ikkje et nytt fenomen, fortel Ødegaard.
– Men det som er spesielt, er at vi no koplar barnehageforskarar mot dei som er med å utforme barnehagepolitikken, samt dei som bestemmer i kommunesektoren.
I tillegg til kommunar, kan ph.d.-studentar som forskar på barnehagefeltet også følgje erfarne fagpersonar i offentleg forvaltning, interesseorganisasjonar eller hos kommunale og private barnehageeigarar.
Viktig for fagleg nettverk og forskaridentitet
– Skuggepraksisen gir unik innsikt i arbeidsprosessar, fagleg skjøn og organisasjonstenking. Den styrker ei systemisk forståing av forskinga. Den er også med på å gi ph.d.-kandidatane nye former for fagleg nettverk og forskaridentitet, påpeikar Ødegaard.
Opplegget representerer eit grep frå forskarskulen som ligg tett på ambisjonane i Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett sin strategi om å knyte forsking, undervisning, innovasjon og samarbeid med samfunnsaktørar tettare saman.
Ei fersk studie peikar på at doktorgradsutdanningar i lærarutdanningsmiljø ofte er sterkt retta mot akademisk karriere, og at dei i mindre grad gjer studentane kjend med alternative karrierevegar.
– Ved å gi studentane erfaring med arbeidsmåtar, roller og kompetansebehov i praksisfeltet, viser vi korleis forskingskompetanse kan brukast aktivt i samfunnssektoren der forskinga faktisk skal gjere ein forskjell, seier Elin Eriksen Ødegaard.

Elin Eriksen Ødegaard, Marit Bøe, Thilde Kleppe Vårnes, Lavdim Alihajdaraj og Karin Hognestad. Foto: Hanne Birgitte Israelsen/Norbarn
Meir bevisst på dei overførbare ferdigheitene
Lavdim Alihajdaraj er stipendiat ved Universitet i Sørøst-Norge og har hatt skuggepraksis hos Morten Solheim i Utdanningsforbundet. Der fekk han mellom anna følge seniorrådgivaren i møte med ulike aktørar.
Lavdim, som er tidleg i doktorgradsprosjektet sitt, omtaler praksisen som inspirerande.
– Eg opplevde stor verdi i å delta i skyggepraksis gjennom NORBARN. Det gav meg rom til å bli meir medviten på dei overførbare ferdigheitene eit ph.d.-løp gir, og korleis desse faktisk kjem til uttrykk i arbeidslivet, seier han.
–Skyggepraksisen gjorde både kompetansen eg allereie har, og den eg er i ferd med å utvikle, meir tydeleg for meg.
Morten Solheim
Nye blikk
Morten Solheim meiner det er svært givande å få eit utanfråblikk på sin eigen arbeidsplass.
– Metoden er spennande, og det var også ein av hovudgrunnane til at vi takka ja til å vere med på prosjektet, seier han.
Solheim påpeikar at den akademiske kompetanse er ettertrakta, også i ein politisk interesseorganisasjon som Utdanningsforbundet.
– Samtidig vil det fort vere andre rammer for å bruke doktorgradskompetanse i ein interesseorganisasjon, enn i akademia. Dette er interessante problemstillingar, og noko som skuggepraksisen gav høve til å diskutere, seier han.
Fakta om NORBARN
- Høgskulen på Vestlandet (HVL) er vertskap for forskarskulen NORBARN. I tillegg har forskarskulen følgjande partnarar: Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder, Dronning Mauds Minne, KS, Kanvas-stiftelsen, Universitetet i Innlandet, OsloMet, Universitet i Sørøst-Norge og Nord universitet.
- NORBARN er Noreg sin første forskarskule retta mot barnehagesektoren.
- Det er ein møteplass for kunnskap, forsking, arbeidsliv og barnehagepolitikk.
- Forskarskulen er open for ph.d.-kandidatar og postdoktorar.
- NORBARN tilbyr kurs tilpassa kunnskapsbehov i barnehagefeltet og styrkar doktorgradsutdanninga ved partnarinstitusjonane.
- NORBARN tilbyr også aktuelle webinar som er opne for alle.
- Les meir om forskarskulen NORBARN
- Les meir om skuggepraksis på denne sida