Berekraft ved HVL

Med breidda i faga våre er alle dei 17 berekraftmåla som FN har sett, relevante for oss, og satsinga vår på berekraft omfattar både alle fagområda våre og den daglege drifta av HVL.

Alle fem campusar ved HVL er Miljøfyrtårn-sertifiserte. Det betyr at vi har ein plan for korleis vi skal tilfredsstille meir enn 70 ulike kriterium for grøn omstilling og miljøleiing. Du kan lese mer om HVLs arbeid med miljøfyrtårn her.

Sirkulærdagane rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Målet med dagane er å gjere studentar og tilsette meir bevisste, og å peike på løysingar.

Her kan du høyre HVL sin podkast 17-målspodden der Knut Vindenes og Siri Smith inviterer studentar, ansatte og gjestar til ein prat om korleis dei jobbar med klima og berekraft.

HVL tilbyr ein rekke studier med fokus på berekraft. Her kan studentar lære om korleis ein kan bidra til ei meir berekraftig framtid gjennom ulike fagdisipliner. Les meir om HVL sine berekraftige studier her.

Her kan du lese mer om forskning på berekraftig energi og miljø ved HVL. Forskarane våre ser på berekraft ut ifrå frå fleire ulike vinklar. Økologane forskar på effektar av klimaendringar på økosystemet og korleis restaurere natur etter inngrep. Datateknologane og realistane forskar på energisystem: mellom anna, på utviklinga av nye reine energier og samspelet mellom infrastruktur og miljø.

Gjennom samarbeid med klynger og verksemder jobbar vi saman for å levere relevant og oppdatert kompetanse i eit felt i rask bevegelse. Her finn du informasjon om nokre av våre utvalde samarbeidspartnarar.

Aktuelt

bilde av Siri Smith

Siri Smith

Berekraftkoordinator ved HVL