Samordningsprosjektet - EFR

Utdanningane innan ergoterapi, fysioterapi og radiografi (EFR) skal utviklast og samkøyrast, og nye studieplanar skal gjelde frå og med august 2020.

Dei nye studieprogramma skal mellom anna følje ny forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanningar og nasjonale retningslinjer for ergoterapi-, fysioterapi- og radiografiutdanning.

Ei målsetting med prosjektet er at dei nye studieplanane skal danne og utdanne kandidatar med rett kompetanse for det arbeidslivet dei skal delta i. Dei felles faglege satsingane til HVL og FHS sine strategiar vert sentralt å implementere.

Arbeidet skal identifisere og vurdere felles utvikling rundt tverrfaglege emne og tema ved FHS sine bachelorprogram, og integrere dette i arbeidet med dei nye studieplanane. Nytteaspektet ved å bruke staben på tvers av bachelorprogramma i instituttet er sentralt.

Forankring av arbeidet

  • Prodekan for utdanning er leiar for den overordna prosessen
  • Institituttleiar/fagseksjonsleiarar leiar arbeidet med dei studieprogramma som høyrer under deira ansvarsområde.
  • Prodekan rapporterer jamnleg til leiargruppa
  • Prosjektet vil vere fast tema i møte med studentråd
  • Prosjektet vil vere fast tema i møte i Utdanningsutvalet

Prosjektorganisering

Prosjekteigar for prosjektet er instituttleiar Bjørg Hafslund.

Prosjektleiar for prosjektet er Hilde Kristin Tveit, seniorrådgjevar ved FHS studieadministrasjonen campus Bergen.

Fakultetet har sett ned ei prosjektgruppe og ei referansegruppe. 

Prosjektgruppa sitt ansvar er å:

  • Utvikle mandat og overordna føringar for prosjektet
  • Setje ned ulike arbeidsgrupper som skal utarbeide det faglege innhaldet
  • Sikre framdrift og utvikling i prosjektet
  • Ansvar for å sikre informasjon og medverknad undervegs i arbeidet

Referansegruppa sitt ansvar er å vere eit rådgivande organ, som i hovudsak skal ha eit eksternt blikk på prosjektutviklinga og dei nye studieprogramma. Gruppa skal møtast ca. tre gonger i løpet av prosjektet.

Referansegruppa skal leiast av prosjekteigar Bjørg Hafslund og drivast fram av prosjektleiar Hilde Kristin Tveit.

Mandat for USB-EFR prosjektet

Prosjektgruppa skal utarbeide nye studieplaner for dei tre bachelorutdanningene. Dette skal gjerast med utgangspunkt i forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanningane og retningslinje i nytt system for styring av læringsutbytte i helse- sosialfagutdanningar – fysioterapeututdanning, ergoterapeututdanning og radiografutdanning.

Studieplanane skal følge norsk kvalifikasjonsrammeverk, studietilsynsforskriften og forskrift om eksamen og studiar ved HVL. Studieplanane blir forma slik at dei mellom anna skal ivareta framtidas behov for kandidatar som har ein profesjonsfagleg digital kompetanse.

Gruppen vurderer om emnestrukturen kan vere på 15 eller 7,5 studiepoeng.

I arbeidet med å utarbeide nye studieplanar skal prosjektgruppa:

  • identifisere og vurdere felles undervisning/- temaer/ evt. emne og integrere dette i arbeidet. Nytteaspektet ved å bruke staben på tvers av bachelorprogramma i instituttet skal vere sentralt i denne vurderinga
  • syte for at studieplanane er av høg kvalitet
  • utarbeide emneplanane slik at studentane får høve til å: være delaktig i forsking, dra på studentutveksling, møte internasjonalisering heime, møte innovative arbeids- og læringsformer, rettleie medstudentar i løpet av studiet
  • I det fagspesifikke arbeidet med utarbeidinga av studieplanen vil prosjektleiar ha eigne møte med kvar av utdanningene

Seniorrådgivar
Fakultet for helse- og sosialvitskap

Medlemmer av prosjektgruppa er:

Medlemmer av referansegruppa er:

Ekstern representant frå spesialisthelsetenesta:

Tor Frithjof Wigers, fysioterapeut og einingsleiar ved Avdeling for Rehabiliteringstjenester ved Haraldsplass Diakonale Sykehus
tor.frithjof.wigers.larsen@haraldsplass.no

Bodil Helene Stokke, Avdelingssjef Ergoterapiavdelingen Haukeland universitetssjukehus 
bodil.helene.stokke@helse-bergen.no

Marie Vigdis Heimseter, radiograf og virksomheitsarkitekt Avdeling for Arkitektur, Portefølje og Innovasjon, Helse Vest IKT, Haukeland universitetssjukehus
marie.vigdis.heimseter@helse-vest-ikt.no

Ekstern representant frå kommunehelsetenesta:

Nina Theodorsen, rådgivar kommunefysioterapeutar/avtalefysioterapeutar Bergen Kommune
Nina-Margrethe.Theodorsen@bergen.kommune.no

Therese Grieg, ergoterapeut, avdelingsleiar kvardagsrehabilitering Bergen kommune 
therese.grieg@bergen.kommune.no

Hilde Gjertsen, fagradiograf MR, Aleris Bergen
hilde.gjertsen@aleris.no Representant frå privat sektor.

Nyutdanna kandidatar:

Radiograf: Lisa Dittrich, Haukeland Universitetssjukehus
lisa.dittrich@helse-bergen.no

Fysioterapeut: Malene Joensen, Haukeland Universitetssykehus
malene.joensen@helse-bergen.no

Ergoterapeut: Paul Ove Rabben, Bergen kommune
paul_rabben@hotmail.com

Brukarrepresentant:

Bergen revmatikerforening Mariann Nyland
mnyland@gmail.com. Tlf. 97546114

Hovudtillitsvalt:

Forskerforbundet Gjert Anders Askevold
Gjert.Anders.Askevold@hvl.no