Praksisprosjektet

Prosjektet skal bidra til kvalitetsutvikling og kvalitetssikring av praksis som læringsarena for studentane.

I åra framover vil Noreg ha behov for mange fleire tilsette med helse- og sosialfagleg utdanning. Ei viktig del av utdanninga er at studentane får den arbeidslivsrelevansen og praksisen både dei og samfunnet treng.

Aktuelt

Les sluttrapportane frå praksisprosjektet

Praksisprosjektet avsluttes august 2020, og har no har levert sine sluttrapportar. Les blant anna om epraksis, tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS), internasjonalisering og distribusjon av praksisplass.

Praksisseminar 5. februar 2020

Tilsette, samarbeidspartnare og studentar kom saman til seminar for å diskutere praksis som læringsarena. Her finn du presentasjonar frå seminaret og programmet.

Mål med prosjektet 

I praksisprosjektet skal vi bidra til kvalitetsutvikling og kvalitetssikring av praksis gjennom tre hovudområdar:

  • Utvikling av praksis som læringsarena
  • Samarbeidsstillingar og bruk av samarbeidsmidlar
  • Internasjonal praksis heime og ute

Det inneber at vi skal:

  • Sikre at praksisplassane er relevante for å utdanne dagens og morgondagens yrkesutøvarar.
  • Sikre god kommunikasjon mellom FHS, praksisstad og student.
  • Leggje til rette for at studentane kan nå læringsutbyttet for praksis både heime og ute.
  • Leggje til rette for sosialisering inn i profesjonen og utvikling av profesjonsidentitet.
  • Sikre god ressursbruk av praksisplassar knytt til dei fem campusane, og bruk og utvikling av digitale verktøy.
  • Sikre at HVL sitt samfunnsansvar for å utdanne høgt kvalifiserte yrkesutøvar til heile Vestlandet vert ivaretatt.
  • Utvikle modellar for fordeling av praksisplassar og eigarskap ved FHS.

 

Vi skal sikre at praksisplassane er relevante for å utdanne dagens og morgondagens yrkesutøvarar innan helse- og sosialvitskap.

Frå prosjektmandatet

Førstelektor
Institutt for helse og funksjon

Operasjon praksis 2018–2020

NOKUT satt i gang eit prosjekt kalt "Operasjon praksis". Det gir noe av bakgrunnen for praksisprosjektet ved FHS.

Les meir på NOKUT si heimeside