Laboratorium for ergoterapi

Sanselaboratoriet stimulerer ulike sansar. Her finn du også eit eige ortoselabortatorium, håndverkslaboratorium, aktivitetslaboratorium, samt ergonomi- og mobilitetslaboratorium.

Ergoterapi handlar om å hjelpe menneske til å meistre kverdagslege aktivitetar ut frå eigne føresetnadar. I laboratoria for ergoterapi får studentane prøve ut ulike aktivitetar retta mot ulike brukergruppar.

Bli med inn i sanserommet!

 

Aktivitetslaboratoriet

Ergoterapeutar veit at mange viktige kverdagsaktivitetar skjer på eit kjøkken. Aktivitetslaboratoriet er utstyrt med eit fleksibelt og regulerbart kjøkken som kan simulere ulike kjøkkenløysingar.

Laboratoriet gir moglegheit til å observere, prøve og tilpasse kjøkken- og kjøkkenaktivitar med og utan ulike hjelpemidlar.

I sofaen sit vi lavt og kanskje snublar vi i teppekanten når vi skal skynde oss opp? Laboratoriet gir moglegheit for ergoterapeutstudentar til å simulere kvardagens utfordringar slik de møter dei i klinisk praksis.

Ergonomi- og mobilitetslaboratoriet

Ergoterapeutar er opptekne av korleis vi brukar kroppen når vi til dømes  ber tungt, støvsug, betener vaskemaskin og arbeidar ved kontorarbeidsplassen. Kva er ein god ergonomisk arbeidsstilling?

Ergonomi- og mobilitetslaboratoriet gir moglegheit til å prøve og tilpasse arbeidsstasjonar og til å finne ulike ergonomiske løysingar.

Kva er forskjell på ulike rullestolar? Kvifor er spesialputar nødvendig i rullestolar? Korleis er det å kjøre rullestol sjølv? Korleis tilpasse ein rullestol? Laboratoriet gir moglegheit til å utforske rullestolar og spesialputar, eit arbeid ergoterapeutar er oppteken av ute i praksis.

Labben er utstyrt med ein takmontert personløfter og fleire mobile personløftare. Studentane får prøve ut å bli løftet sjølv og trene på å løfte andre. Gjennom utprøving blir studentane førebudd på å bruke ulike personløftare i den kliniske kvardagen. 

Håndverkslaboratoriet

Ergoterapeutar har ein lang tradisjon med bruk av handverk og andre kreative aktivitetar til opptrening og behandling av enkeltpersonar eller gruppar.

På handverkslaboratoriet er det utstyr og materiale av ulike slag slik at studentane kan bli inspirert og prøve ut. Rommet brukes av studentar til simulering og utprøving av ulike aktivitetar og kreative terapeutiske tiltak med tanke på opptrening og/eller bearbeiding. Laboratoriet kan tilpasses barn eller vaksne.

Ortose- og testlaboratoriet

Handa sin funksjon er mangfaldig og viktig i dei fleste aktivitetar. Sjukdom og skade kan påverke handa sin funksjon og kan gjere det vanskeleg å gjere aktivitetar som tidlegare gjekk automatisk.

Laboratoriet gir moglegheit til å teste og kartlegge handa sin funksjon, slik som ergoterapeutar gjør i klinikken. Opptrening og individuell ortoselaging (skinnar) høyrer med til aktivitetar i laboratoriet.

Sanselaboratoriet

Kroppen vår blir påverka av mange ulike sanseinntrykk, både bevisst og ubevisst.

Bevisst bruk av sanseinntrykk kan stimulere til ro eller til bevegelse, til behag eller ubehag. Sanselaboratoriet bidrar til større bevisstheit om sanseinntrykk gjennom ulike sansestimuli.

Studentane har i sanselaboratoriet moglegheit til å oppleve og legge til rette for ulike sansestimuli med eit terapeutisk perspektiv. Erfaring og kunnskap frå sanselaboratoriet er nyttig også utanfor sanselaboratoriet. Ergoterapeutstudentane prøver ut ulike sansepåvirkningar med tanke på ulike brukergruppar.