Forskingsetisk komité ved FLKI (FETIKO)

Forskingsetisk komite ved FLKI skal sørge for at forskingsprosjekt ved behov får ei formell forankring av forskingsetiske vurderingar hjå institusjonen. Dette gjeld som oftast prosjekt som ikkje er meldepliktige hjå SIKT (tidlegare NSD) eller REK, men der ein føresetnad for publisering i ønska kanal er at prosjektet har ei etisk godkjenning.

Mandat FETIKO

Forskingsetisk komite ved FLKI skal ved behov gi ei forskingsetisk vurdering av prosjekt som ikkje fell inn under REK/SIKT (tidl NSD) sine godkjenningar, men der det t.d. er kravd i samband med publiseringsprosessar at prosjektet er godkjent av ein institusjonsintern etisk komite. 

Dette gjeld i hovudsak tre kategoriar prosjekt:

  1. Prosjekt som har REK/SIKT godkjenning men i tillegg treng ei forskingsetisk vurdering fordi dette er naudsynt ved publisering eller for å sikre god forskingsetisk praksis i heile prosjektfasen.
  2. Prosjekt som fell utanfor REK si godkjenningsordning, men som likevel involverer menneske direkte i form av intervensjonar (psykisk og/eller fysisk), og derfor har monaleg potensial for skade og belasting på deltakarane, utover det som reknast som normal risiko og belasting.
  3. Prosjekt som ikkje skal handsame personopplysningar og derfor ikkje blir vurdert av SIKT, men som involverer etiske utfordringar knytt til menneske, dyr eller samfunn som gjer at ei etisk vurdering er naudsynt.

Prosedyre for søknad om forskingsetisk vurdering

Prosjektleiar formulerer ein kort søknad (1-2 sider), der du gjer greie for

  • a) kva sider av prosjektet du ønsker komiteen skal vurdere (særskilte problemstillingar eller om det gjeld ei generell vurdering),
  • b) kvifor du treng ei slik forskingsetisk vurdering, og
  • c) di eigenvurdering av forskingsetikken i prosjektet.

Oppgje om prosjektet høyrer til i ein av desse tre kategoriane: 

1. Prosjekt som har/må ha ei personvernvurdering hjå SIKT (tild. NSD) og/eller helsevurdering hjå REK, men i tillegg trenger en forskningsetisk vurdering, fordi dette er forventet ved publisering, eller nødvendig for å sikre god forskningsetisk praksis i hele prosjektfasen.
2. Prosjekter som faller utenfor REK godkjenningsordning, men som involverer mennesker direkte i form av intervensjoner (psykisk og/eller fysisk). Dette er prosjekter som har betydelig potensial for skade og belastning for deltakere, utover det som kan regnes som normal risiko og belastning.  En forskningsetisk vurdering vil derfor være forventet ved publisering.
3. Prosjekter som ikke skal behandle personopplysninger (og dermed ikke vurderes av SIKT), men som likevel har behov for (å dokumentere) en forskningsetisk vurdering. Dette kan være prosjekter som involverer etiske utfordringer i forskning på mennesker, dyr eller miljø/samfunn uten at det skal behandles opplysninger om personer. En forskningsetisk vurdering vil derfor være forventet ved publisering.

Legg ved prosjektbeskriving og eventuelle godkjenningar frå SIKT eller REK eller referansenummer om vurdering ikkje er mottatt. Legg også ved eventuelle informasjons- og/eller samtykkeskriv. Om du ikkje har søkt om godkjenning hjå SIKT/ eller REK, er det fint om du opplyser kort om (årsaka til) dette.

Send søknad og vedlegg til post@hvl.no, merka «Forskingsetisk vurdering av [prosjektnamn]». Dersom søknaden inneheld opplysningar som gjer at den må unntakast/skjermast frå innsyn i offentleg journal, er det fint om du opplyser om dette i oversendinga. 

TIPS: Visste du at du kan eksportere innhaldet i meldeskjema til SIKT til word, og bruke dette i FETIKO-søknaden?

Sakshandsamingsprosessen

Komiteen vil søke å behandle saka utan ugrunna opphald. Samstundes må vi syte for at sakshandsaminga har god kvalitet og at vurderinga har naudsynleg legitimitet. Fagansvarleg for forskingsetikk ved HVL vil vurdere søknaden og eventuelt ha ein dialog med deg dersom søknaden har manglar eller er uklår. Det vert laga ei innstilling i saka, som blir lagt til grunn for komiteen si vurdering. Om prosjektet har ei tidsline som du treng at komiteen tar omsyn til, er det fint om du opplyser om det til sekretæren for den forskingsetiske komiteen.  

Forskingsetisk komité ved FLKI gjer sine forskingsetiske vurderingar i tråd med retningslinene hjå Dei nasjonale forskingsetiske komiteane, og anna relevant forskingsetisk lovgjeving eller allmenne forskingsetiske normer.

Retningsliner for Forskingsetisk komité ved FLKI (FETIKO)

Retningslinene blei fatta av dekan med verknad frå 17.03.2023, jamfør dekanvedtak 22/02315-13.

§ 1 Føremål

Forskingsetisk komite ved FLKI (FETIKO) skal ved behov gi ei forskingsetisk vurdering av prosjekt som ikkje fell inn under REK/SIKT sine godkjenningar, men der det t.d. er kravd i samband med publiseringsprosessar at prosjektet er godkjent av ein institusjonsintern etisk komité.

§ 2 Samansetning

Prodekan for forsking er leiar for FETIKO. I tillegg består komiteen av fire fagleg tilsette ved FLKI. Det er ønskeleg at medlemmane har brei fagleg bakgrunn, og kjem frå kvart sitt institutt. Krav til kjønnsbalanse følgjer § 28 i Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven). Dei fem forskingsprogramleiarane i Eining for forsking er oppnemnde som varamedlem til FETIKO. Varamedlemmane er ikkje personlege. Fakultetsadministrasjonen er sekretariat for komiteen.

Medlemmane blir oppnemnde av dekan, ordinær funksjonstid er to år. Komiteen vel sjølv nestleiar for komiteen blant dei faste medlemmane.

Komiteen kan ved behov innkalle andre personar, interne eller eksterne, som sakkunnige til å bistå i vurdering av einskildsaker.

§ 3 Habilitet

Komiteen legg habilitetsreglane i Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven), og habilitetsreglementet ved HVL, til grunn for saksbehandlinga. Medlemmane vurderer sin habilitet straks saker blir meldt for komitéen og melder eventuell inhabilitet til sekretariatet. Varamedlem vurderer sin habilitet dersom dei blir innkalla til møte. Dersom både leiar og nestleiar er inhabile i ei sak, vel komiteen sjølv fungerande møteleiar blant dei møtande medlemmane.

§ 4 Sakshandsaming

Komiteen gir forskingsetiske godkjenningar av FoU-prosjekt der HVL er prosjekteigar. I prosjekt der andre institusjonar er prosjekteigar, kan FETIKO ha ein rådgjevande funksjon overfor prosjektdeltakarar frå HVL. I tilfelle der lokal forskar treng forskingsetiske godkjenning for publisering av resultat, og dette ikkje ligg føre frå anna hald, kan FETIKO unntaksvis gi godkjenning til dette føremålet. Komiteen vurderer ikkje studentprosjekt, med mindre desse blir gjennomførte som del av eit HVL-eigd FoU-prosjekt.

Dersom ei sak strekk seg over fleire møte, og varamedlem deltek i første handsaming av saka, avgjer utvalet sjølv, frå sak til sak, om det er hensiktsmessig at vara følger saka til den er ferdig handsama.

§ 5 Vedtaksdugleik

Komiteen kan fatte vedtak når minst tre medlemmer/varamedlemmer deltar i møtet​​​​​​​. Komiteen fattar vedtak med simpelt fleirtal. Ved monaleg dissens eller stemmelikskap, blir saka sendt vidare for handsaming i Forskingsetisk Utval (FEU) ved HVL. Møteleiar har ikkje dobbeltstemme.

§ 6 Ansvar

FETIKO sine forskingsetiske vurderingar og godkjenningar har status som tilrådingar, og set som vilkår at prosjektet blir gjennomført i tråd med søknad, dokumentasjon og munnlege/skriftelege avklaringar frå prosjektleiar. FETIKO har ikkje ansvar ved eventuelle brot på forskingsetiske normer og reglar, eller anna reglement som regulerer forskingsverksemda ved institusjonen.

Lenker: Forskingsetisk utval - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Lenke:

Personvern og personopplysninger i forskning - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)