Forsking ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Teknologiske, sosiale, kulturelle og miljømessige endringar krev samspel mellom ulike samfunnsinstitusjonar og sektorar, i tillegg til ei tverrfagleg tilnærming.

Forskinga ved FØS er både tverrfagleg og mangearta, men samtidig kjenneteikna av ei orientering mot aktuelle samfunnsmessige utfordringar og praksisnære problemstillingar knytt til dei ulike fagområda og utdanningsprogramma i institutta.

FØS har sterke og innovative fagmiljø som bidreg til å løyse utfordringar i samfunnet i eit berekraftig perspektiv.