
Fagert er landet du oss gav, heiter det i Anders Hovden sin klassiske salme. Praktverket «Landskapet forteller. 100 historier fra Norges geologi» gir rik dokumentasjon frå heile Noreg.
Boka er gitt ut ved eit samarbeid mellom Norsk Geologisk Forening, Universitetet i Bergen og HVL.
Hin dagen møtte eg prosjektleiaren på campus Kronstad, HVL-kollega Thorbjørn Kaland, til ein kort, men entusiastisk samtale om den rykande ferske boka, om dyktige geologar i og utanfor HVL, og om det fagre landet me bur i. William Helland-Hansen har redigert praktverket.