Om Senter for omsorgsforskning, vest

Forskinga vår skal gje ny kunnskap som skal komme pleie- og omsorgssektoren til gode.

Nasjonal struktur - regionale senter

Senter for omsorgsforskning, vest, er eit av i alt fem regionale senter for omsorgsforsking oppretta av Helse- og omsorgsdepartementet i 2008. Senteret er ein del av ein nasjonal struktur som blir koordinert frå Senter for omsorgsforskning, øst, men med ei felles leiargruppe på tvers av sentera.

Sentera er lokalisert i dei tidlegare helseregionane: 

Senter for omsorgsforskning, nord
Senter for omsorgsforskning, midt
Senter for omsorgsforskning, sør
Senter for omsorgsforskning, øst

Omsorgsforskning.no er ei felles nettside for de regionale sentera.

Kontakt med internasjonale forskingsmiljø

Forsking på omsorgstenester til eldre er framleis eit relativt nytt fagfelt i Noreg og Europa. Det er difor viktig å ha tett kontakt med internasjonale fagmiljø. Vi har i ein årrekke hatt god kontakt med amerikanske og kanadiske fagmiljø, som University of California, San Fransisco, York University og University of Manitoba.Vi har også eit ustrakt nettverk i Norden, Storbritannia og deltek aktivt i European Forum for Primary Care.

Senteret leiar også det europeiske nettverket PRIMORE, primary care multi-professional researcher network.

Organisering

Høgskulen på Vestlandet er vertsinstitusjonen for Senter for omsorgsforskning, vest saman med fleire samarbeidspartnarar på Vestlandet. Senterets forhold til partane er regulert i ein samarbeidsavtale.

Partane møtast ein gong i året. I tillegg er det oppretta ei styringsgruppe på åtte medlemmar blant partnarinstitusjonene. Vi har også vitskapelege referansegrupper med norsk og utenlandske forskarar som blir invitert til senteret ved jamne mellomrom.