Nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet

Nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet er eit lovpålagt organ, jf. lov om universiteter og høyskoler § 14-1. Samansetting av nemnda er regulert av lova.

Mandat

Nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet behandlar følgjande saker:

  • Fusk og forsøk på fusk.
  • Skikkasaker etter innstilling frå Skikkavurderingsnemnda ved HVL
  • Utestenging frå praksis på grunn av merknad på politiattest.
  • Bortvising.
  • Falskt vitnemål eller falske dokument ved opptak til studium. 
  • Klager på høgskulen sine enkeltvedtak. Til dømes formelle feil på eksamen og praksis, tilrettelegging og opptak til studium. 
  • Klagesaker etter forskrift for graden philosophiae doctor (Ph.d) ved HVL.
  • Klager i samband med val av representantar og ombod ved HVL.

Nemnda sine vedtak i klagesaker er endelege. Desse vedtaka kan ikkje kan klagast på.

Samansetting

For perioden 1.9.2024–31.8.2028:

  • Leiar: Tingrettsdommar Bjørg Kvelstad
    Vara for leiar: Tingrettsdommar Tone Raaen
  • Fagtilsett: Dosent Hanne Kristin Tuntland 
    Personleg vara: Professor Catharina Renate Christophersen
  • Fagtilsett: Førsteamanuensis Sven Olai Høyland
    Personleg vara: Høgskolelektor Alfred Limstrand

For perioden 1.8.2025–31.7.2026:

  • Studentrepresentant: Otto Thorbjørnsen
    Personleg vara: Elias H. Henriksen

  • Studentrepresentant: Janne Fagerland Sjursen 
    Personleg vara: 

Møteplan høstsemesteret 2025

  • Torsdag 28. august. Innsendingsfrist 7. august. 

  • Fredag 26. september. Innsendingsfrist 5. september

  • Fredag 24. oktober. Innsendingsfrist 3. oktober. 

  • Fredag 21. november. Innsendingsfrist 31. oktober. 

  • Fredag 19. desember. Innsendingsfrist 28. november. 

NB: Innsendingsfrist er interne fristar for fakultet og einingar ved HVL. 

Søkjarar og studentar skal sende klage til Høgskulen på Vestlandet, postboks 7030, 5020 Bergen eller e-post til post@hvl.no. Klagefrist er tre veker frå dato søkjar eller student mottok vedtak frå HVL. 

Vi anbefalar å sende klage per post om klagen inneheld sensitive opplysningar

Kontaktinformasjon

Spørsmål som gjeld klagesaker kan rettast til sekretariatet for nemnda: nemnd.studentsaker@hvl.no

Kontaktpersonar

bilde av Anne Grethe Nielsen

Anne Grethe Nielsen

Seniorrådgivar

bilde av Sigrun Larsen Valderhaug

Sigrun Larsen Valderhaug

Seniorrådgivar