Statuttar for HVL sin språkpris
HVL sin språkpris er ein årleg pris som er oppretta for å stimulere og gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar ved HVL som har utmerkt seg i arbeidet med norsk fagspråk.
Ved tildelinga av prisen skal eit godt, klart språk, i tråd med dei språkpolitiske retningslinjene til HVL, vektleggast.
- Språkprisen vert tildelt fagmiljø eller enkeltpersonar ved HVL som har utmerkt seg i arbeidet med norsk fagspråk, særleg på nynorsk eller teiknspråk.
- Det vert lagt vekt på at arbeidet har relevans for profesjons- og arbeidslivsretta fag og utdanningar ved HVL.
- Innsats for å utvikle norsk fagterminologi på område prega av engelsk vil bli særleg vektlagt.
- Alle tilsette og studentar ved høgskulen kan foreslå kandidatar. Framlegg må vere grunngjevne i samsvar med statuttane.
- Språkpolitisk utval vurderer kandidatane, fungerer som jury og tildeler prisen.
- Prisen er på 25 000 kroner. Midlane skal nyttast til vidare arbeid med språk og formidling. Prisvinnaren skal rapportere til utvalet om bruken av midlane.
- Prisen vert delt ut under HVL si felles prisutdeling.
Revidert av det Språkpolitiske utvalet ved HVL 20.juni 2025
Prisen blir lyst ut, og utdelt, i haustsemesteret.