Sensor

Dorota Lembrér

Arbeids- og kompetanseområde

Dorota Lembrér er doktorgradsstudent ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. Ho har bakgrunn som barnehagelærar og fagtilsett ved Malmö Universitet i Sverige. Hennar forskingsinteresse er begynneropplæring i matematikk og ulike aspekt ved matematiske aktivitetar i barnehagen og heime.

Ho arbeider med eit Ph. D. prosjektet om foreldre sitt syn på born sine matematiske aktivitetar i barnehagen og heime, både i Sverige og Norge. Målet med prosjektet er å forstå noko av kompleksiteten knytt til korleis foreldre sitt syn på matematiske aktivitetar kan identifiserast og kva som påverkar deira syn.

 



Forskar på
  • Barnehagematematikk

Forskargrupper