Overvaking av ulike naturtyper (slåttemark) i Sogn og Fjordane

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Anvendt forskning

Prosjektperiode

Januar 2016 - Januar 2036

Prosjektsamandrag

Slåttemarker er viktige og verdifulle kulturmarker med stort biologisk mangfald, men i det moderne landbruket er dei i sterk tilbakegang. Statsforvaltaren har registrert gjenverande verdifulle slåttemarker og gjev årleg støtte til tradisjonell drift av et utval slåttemarker. Men det er ikkje klart om denne drifta opprettheld verdiane slik ein ønskjer. Difor vart dette overvakingsprosjektet sett i gang i sju utvalde, artsrike slåtteenger som mottek støtte frå Miljødirektoratet, langs gradienten frå kyst til innland i Sogn og Fjordane.

Overvakinga skjer med ein etablert metode: økologiske variable blir registrert i minimum ni fastruter per eng. Vegetasjonsvariasjonen blir registrert i dei same rutene, med eit omdrev på fem år. Prosjektet starta opp i 2016, og i 2021 starta andre omdrev.

Dataa blir samla med sikte på publisering når vi har gjennomført minst to omdrev. Førebels har data frå prosjektet vore brukt i to bacheloroppgåver og ei masteroppgåva ved Høgskulen på Vestlandet.