Digital undervisning i fleksible profesjonsutdanningar Korleis påverkar dette læringsmiljøet?
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvendt forskning
Prosjektperiode
Januar 2024 - Januar 2027
Prosjektsamandrag
Utdanningstilbod av høg kvalitet bør vera fleksible og meir tilgjengelege. Eit ynskje om auka fleksibilitet har gitt digital teknologi merksemd, og bruk av digital teknologi gir auka tilgjengelegheit til høgare utdanning. Høgskulen på Vestlandet etablerte ei deltid vernepleieutdanning med digital undervisning ein gong i veka i tillegg til tre korte samlingar på campus i semesteret. Hensikta med denne studien var å undersøke korleis digital undervisning påverkar studentane si læring i fleksible utdanningstilbod. Studien har eit kvalitativt design med praksisnær forsking. Det er gjennomført fem fokusgruppeintervju med studentar på 2. studieår på deltidsutdanninga. Funna viser at ei slik deltidsutdanning gir studentane fleksibilitet. Det viser seg også at det tek tid å etablere eit godt læringsmiljø på ei slik utdanning. Studentane erfarer at digital teknologi ikkje er tilstrekkeleg utnytta og at lærarane treng auka kompetanse på digitale verktøy