H2O utstilling, tilHUG 2025
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Faglig utviklingsarbeid
Prosjektperiode
Oktober 2025 - Oktober 2025
Prosjektsamandrag
OM KUNSTUTSTILLINGA 2025 er FN sitt internasjonale år for isbrevern. Ein konsekvens av den nye klimarealiteten er at isbreane smeltar, og med dei forsvinn ei svært viktig kjelde til ferskvatn. Tilgong til reint fersk-vatn er essensielt for alt liv. Ein sjølvsagt ressurs for Vestlendingar kanskje, mindre sjølvsagt for resten av verda. Rundt 1% av alt vatn er tilgjengeleg for oss, og di fleire me blir, di meir vatn treng me, til mat og drikke, til vask og til landbruk. Stadig fleire folk vert drivne på flukt grunna ressurs-konfliktar og klima-endringar. Kva konsekvensar får den svinnande cryosfæren for oss? Dette er noko av inspirasjonen bak utstillinga H2O. Det liv-gjevande vatnet.