Leik, spel og danning
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
April 2026 - Desember 2028
Prosjektsamandrag
Leik er ein samansett og fasinerande fenomen som engasjerer filosofar, pedagogar, psykologar, kulturteoretikarar og evolusjonsteoretikarar. Leik blir diskutert som læringsarena, danningsarena, trivselsarena og evolusjonsarena. Den er særleg aktualisert i barnehage-kontekst, men også i skule-, og høgare utdannings-kontekstar. I barnehagekontekst blir leik ofte knytt til Friedrich Fröbel (1782-1852) som ofte er omtalt som barnehagens far. Fröbel var ein pioner for etablering av barnehagar som pedagogiske institusjonar der barn fekk tid til leik og sjølvutfalding . Fröbel meinte at leik er den reinaste og mest oppløftande av alle aktivitetar og kjelde til alt som er godt. Leik er barn sin måte å vere i verda og måten dei uttrykkjer seg på. Leik skapar friheit, tilfredsstilling, ro og fred i verda (Fröbel, 2005/1826; Akslen & Moe, 2020). Dermed er det venta at det er satt av mykje tid til leik i barnehagar. Dei norske barnehagane er typiske eksempel på det. Barn sin rett til leik er også nedfelt i UN’s barnekonvensjon (UN, 1989, artikkel 31). Leik, saman med læring, omsorg og danning er sett som kjerneområda for barnehagepraksisar. Ingen andre profesjonar skal kunne så mykje om leik som barnehagelærarar. Leik er dermed ein særskilt kompetanse som nettopp er med på å definere barnehagelærar som ein profesjon. Det er mange og store diskusjonar om kva leik er og om ulike praksisar i barnehagen skal kunne kallast leik. Til dømes om praksisar som blir kalla leikbasert læring, truar tid og rom for leik i barnehagen. Her er leik avgrensa til ein måte å lære på, og då er det vel først og fremst læring? Likevel veit vi at læring kan vere ein leik, og leik kan føre til læring. Diskusjonen om forholdet mellom leik og læring kjem til å fortsetje. Vi meiner at kjennskap til ulike og fleire teoretiske forståing av noko så mangfaldig og variert som leik, vil gjere ein barnehagelærar klokare i planlegging og gjennomføring av innhaldet i barnehagedagane. Kjennskap til ulike måtar å forstå og møte det som skjer i leiken, gir større handlings- og refleksjonsrom for barnehagelærarar. Syn på leik - enten det er bevisst eller ubevisst - påverkar kva aktivitetar ein sett i gang, kva materiale ein tilbyr, korleis ein utformar rom og omfang av tid til leik i barnehagen. Det påverkar også kva initiativ frå barn som blir verdsett og kva som blir forstått som normal, rett eller fin leik. Dessutan vil brei forståing av leik kunne føre til at barnehagelærarar står stødigare i møte med lettvinte idear om kva som skal vere innhaldet i barnehagen. I ein travel kvardag kan det være lett å ty til idear der grunngiving for kva ein gjer, er avgrensa til at barn likar det, eller at barn lærer av det. Vi spør difor: Kva slags leik får plass i barnehage, skule, i barnehagelærarutdanninga eller i Universitets- og høgskule-pedagogikken? Det overordna målet er å skape større medvit og kunnskap om leik, og eit breitt repertoar for tilrettelegging av leik. Den teoretiske tilnærminga er på linje med Sutton-Smith (1997) og vi ser leik som større enn dei fleste skildringane av - eller teoriane om - leik. Inspirert av Sutton-Smith (1997) sine kriteria for retorikkar om leik, meiner vi at teoriar om leik skal vise til eller argumentere systematisk for ei tilnærming til leik. Det vil sei at desse teoriane forheld seg til andre, tidlegare forskarar eller filosofer som skriv om leik, og / eller viser til eiga forsking. Forståing og syn på leik er eksplisitt forklart eller satt ord på. Innan kvar tilnærming finns det profilerte forskarar som argumenterer for at deira beskriving av leik er den mest treffande. Dei prøver gjerne også å overtyde andre om at deira tilnærming er den rette. Kunnskapsbidraga våre byggjer på empirisk materiale frå barnehagar og barnehagelærarutdanninga, syntetisering og utfordring av filosofisk og danningsteoretiske perspektiv, og syntetisering av tidlegare forski