Kunnskapsbasert praksis i Masterutdanning

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

August 2011 - Juni 2015

Prosjektsamandrag

Kunnskapsbasert praksis i Masterutdanning: Å utdanne endringsagenter: ein kvalitativ deskriptiv studie av tidlegare studenter i Master i Kunnskapsbasert praksis sin kompetanse

Det er forventa at norske helsearbeidare skal jobbe kunnskapsbasert. Likevel er det store skilnader  i korleis dette vert følgt opp innan norsk helsevesen. Ved Høgskolen i Bergen har ein sidan 2008 utdanna studentar i kunnskapsbasert praksis. Til no er  30 kandidatar uteksaminert. Masterprogrammet bygger på modellen for kunnskapsbaserte praksis.

Målet med studien er å undersøke korleis dei uteksaminerte kandidatar ved Masterstudiet i KBP erfarar at dei kan jobbe kunnskapsbasert i klinikken, og kva dei ser som vesentleg skal vi få innført kunnskapsbasert praksis i norsk helsevesen.

Studien var gjennomført  med eit kvalitativt, pragmatisk design. For å utforske deltagarane sine erfaringar inviterte ein alle uteksaminerte frå dei første to kulla til å delta i fokusgruppe intervju. Det vart gjort 6 fokusgrupper intervju og eitt individuelt. Data vart tematisk analysert.

Det kom fram at ein grunnleggande føresetnad for å kunne jobbe kunnskapsbasert er at det er ein «beredskap for forandring». Dette gjeld både individuelt og på organisasjonsnivå.  Dei tidlegare studentane såg seg sjølve som «endringsagentar», som gjennom studiet hadde fått mestringstro, analytiske kompetanse og reiskap for kunnskapsbaserte praksis på arbeidsstaden. Men det er grunnleggande nødvendig at organisasjonen dei jobbar innafor har evne til å vere ein «lærande organisasjon», der leiarane legg til rette for dette.

Kandidatane fortel at Masterprogrammet i Kunnskapsbasert praksis gir kompetanse som endringsagent, slik at dei kan fasilitere kunnskapsbasert praksis på arbeidsstaden. Både individuelle og organisatoriske faktorar er viktige skal ein innføre kunnskapsbasert praksis  norsk helsevesen.